Nynorsk vs. dialekt

Eg skjønar godt at folk ikkje vil skriva bokmål, men kvifor ikkje ta steget heilt ut og skriva nynorsk i staden?

Absurd nok, mange stader er det heilt ok og normalt å skriva dialekt, sjølv på stader der nynorsk er uglesett. Jamvel der eg er frå, der det framleis er veldig vanleg å ha nynorsk som opplæringsmål, skriv folk ofte ei blanding av dialekt og bokmål.

Sjølvsagt finst det forklaringar på dette fenomenet: Den norske dialektkampen har ført fram, folk har ofte ein sterk lokal identitet, folk oppfattar nynorsk som noko som er fjernt frå dei sjølve og som dermed ikkje har noko med dialekten deira å gjera, osb. Spørsmålet er: Kva skal målrørsla meina om dette? Er det ein god eller dårleg ting? Er dialektskrivarane lettare å overtyda om at nynorsk er best? Eller er det ein verdi i seg sjølv at folk skriv dialekt?

Personleg meiner eg - og nett no er eg glad for at eg ikkje lenger er ein sentralt tillitsvald i målungdomen, sidan meiningane mine sikkert kan stemplast som elitistiske/politisk ukorrekte/preskriptive - at svaret på det siste spørsmålet er NEI.

Ikkje nok med at praksisen med å skriva dialekt er i konflikt med det nynorske prosjektet, som nettopp er å skapa eit nasjonalt standardspråk, men han undergrev òg det store praktiske føremålet til språket, det som alle nynorskmotstandarar elskar å dra fram som det einaste viktige: Kommunikasjonen.

Er det ein bra ting at folk snakkar dialekt? Absolutt; det at me i Noreg kan nytta talemålet vårt i alle samanhengar er ein særs god ting. Men skriftmål og talemål er ikkje det same; det er nærast umogleg å attgje talemålet skriftleg slik det høyrest ut (med mindre ein transkriberer fonetisk, då). Det funkar sikkert greitt nok for dei som skriv slik, men ikkje nødvendigvis for lesarane deira.

No er det sikkert nokon som tykkjer eg er snobbete og slem. Det får dei berre tykkja. Eg meiner det er bra at det norske språket er so variert, men eg meiner òg at nynorsken tek heilt fint vare på den variasjonen. So da so.


Nasjonal sjølvråderett

Eg sit og skriv på ei innleiing om nasjonal sjølvråderett som eg skal halda på sumarleiren til målungdomen. Det er vanskelegare enn eg trudde. So mange potensielle problemstillingar å ta tak i, og so mange feller å styra unna! Eg vil helst unngå oppgulp og klisjear, og vert dimed tvinga til å tenkja. Mykje. Argh.

Greia er nemleg denne: Nasjonal sjølvråderett er eit komplisert prinsipp. Det er særs uklårt kva som ligg i både "nasjonal" og "sjølvråderett", og ein kombinasjon av desse to vage omgrepa må nødvendigvis leia til ein del forvirring. Misforstå meg ikkje: Eg stør NMU si tradisjonelle forståing, som skil mellom stat og nasjon, som stør folk sin rett til å rå seg sjølve, og som ser nasjonal sjølråderett som eit spørsmål om demokrati. Men samstundes kan ikkje prinsippet om den nasjonale sjølvråderetten gjerast til ein universell maksime, nettopp av di det er so tvitydig.

I jakta på inspirasjonskjelder, kom eg over denne artikkelen frå Motmæle 1-97. Fy flate, so god han var. (Eg visste at Eli B er ei intelligent dame, men dette? Wow.) Jamvel om det er gått ti år, herskar mange av dei same haldningane hjå dei intellektuelle. Det er synd at so mange smarte folk kan meina so mykje kjipt.

At ein ikkje skal kunna ta stiling for noko og mot noko anna, til dømes, har alltid provosert meg. I ytste konsekvens vert dimed alt engasjement mistenkjeleggjort som potensiell vilje til undertrykkjing. Eit godt døme er reaksjonane Ane Dahl Torp fekk då ho ytra seg positivt om innsatsviljen til AKP-arane. Merk: Innsatsviljen deira, ikkje dei politiske meiningane! Av di dama var imponert over kor mykje folk ville gjera for å skapa det dei meinte var ei betre verd, vart ho kalla "hjernedød" og det som verre var. På same måten er mange norske politikarar redde for å vera for eller mot EU, av di dei trur dei framstår som meir reflekterte dersom dei ikkje har eit standpunkt. So feil kan ein ta. 

Moralist? Ja visst!

SAS er i streik, flya står og toga er overfylte.

Og ja, eg veit at dette er trasig for mange, og at dei går glipp av viktige møte, familieselskap osb. Men eg klarer likevel ikkje å vera lei meg for at verda vert spart for ein brøkdel av klimagassutslepp, so lenge streiken varer.

Flytrafikken er av dei største årsakene til global oppvarming, og so lenge samfunnet er innretta slik at ein skal kunna reisa over halve verda på eit døgn, eller over halve landet på ein time, kjem problemet berre til å verta verre. Det finst nemleg ingen måte å gjera flytrafikken berekraftig på. Skulle ein gått over til biologisk drivstoff, hadde ein trengt meir ressursar enn kloten er i stand til å produsera.

Det hadde vore fint om ein kunne latt flyindustrien få betala for forureininga si. Det hadde nok ført til færre tilbod av typen Oslo-Praha for 292 kr, men når vart det ein menneskerett å reisa billeg? «Straffeskatten» som flyselskapa laut betala til styresmaktene i heimlanda sine, kunne so vore brukt til å subsidiera utbetring av jernbanenettet, høgfartstog og fleire avgangar.

Dette er sjølvsagt utopisk - inntil vidare. Dei som påpeikar den enorme skaden flytrafikken gjer, vert stempla som moralistar som vil avgrensa retten til å reisa til dei som bur sentralt, har god tid og/eller mykje pengar.

Personleg har eg teke fly mange gonger, og eg kan godt innrøma at eg likar det. Men eg har fått stadig større problem med å stø opp om ein industri som tek knekken på miljøet, er ressurskrevjande og som bidreg til at folk vert heimlause som fylgje av kllimaendringane. Om det gjer meg til moralist, får det heller våga seg.

(Litt forseinka) 8. mars

Kom, alle brør og systre fjernt og nært!
For draumen om ei anna, betre verd
og alt det me har kjempa fram ilag,
ver med å feira verdas Kvinnedag!

Om nokon var her inne i forgårs for å sjå om eg hadde skrive noko om 8.mars, og såg at hyllesten min til Kvinnedagen glimra med fråveret sitt, tenkte dei kanskje: "Hah, Synnøve gjev seg ut for å vera feminist, men eigentleg er ho ei Siv Jensen i fåreklede, som tykkjer Kvinnedagen er utgått på dato. No har me avslørt henne som den overflatiske slasken ho er". Eller kanskje dei tenkte: "Hurra, leiaren i målungdomen har kome til vitet og innsett at likestillinga har gått for langt. Snart tek ho nok òg til orde mot kjønnskvotering, og innfører missekåringar på kvart landsmøte."
Før folk får høve til fleire ville spekulasjonar, kan eg avsløra den ekte, og sikkert meir keisame grunnen til at eg ikkje har skrive før no:
Eg har vore i eksil i trønderhovudstaden eit par dagar, og der har vevtilgangen vore ein smule tilfeldig.

mai 2008
ma ti on to fr
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22
23
24 25
26 27 28 29
30
31