Jolerelatert kviss

Inspirert av Jens sine førjolsutfordringar har eg laga ein kviss for dei som tykkjer dei veit mykje om jol og jolerelaterte ting. Nokre spørsmål er lette, andre er kanskje litt verre. Tek du utfordringa? Fasiten kjem seinare.


JOLERELATERT KVISS


1. Kva heiter Jolenissen på dansk?


a) Julemanden

b) Julenissen

c) Hr. Juul



2. Kven, i fylgje joleevangeliet, var det som lova Gud og kvad?


a) Maria

b) Englane

c) Herodes



3. Kven skreiv teksten til "Joleklokkor yver jordi"?


a) Elias Blix

b) Anders Hovden

c) Olga Meyer



4. Kvar feirar Harry Potter jol i den sjette boka?


a) Hjå familien Dursley

b) På skulen

c) Hjå familien Weasley



5. Kva heiter hovudpersonen i "Julemysteriet" av Jostein Gaarder?


a) Elisabet

b) Joakim

c) Hans Thomas



6. I songen "Fairytale of New York" vert det fortald om nokon som syng "Galway Bay". Kven?


a) Gutane i politikoret

b) Fyllikane på hjørnet

c) Frank Sinatra



7. I kva for eitt av desse Ibsenstykka er handlinga lagt til jola?


a) Hedda Gabler

b) Når vi døde vågner

c) Et dukkehjem



8. Kva for ein britisk komi-figur endar i ein sketsj opp med å setja hovudet fast i kalkunen?


a) Patsy i "Absolutt fabelaktig"

b) Vicky Pollard i "Little Britain"

c) Mr. Bean



9. Kva farge var det på jolekorta til Norsk Målungdom i år?


a) Raud

b) Grøn

c) Rosa



10. Kva et Jokke og foreldra hans (i teikneserien Pondus) på jolaftan?


a) Pannekaker

b) Grandiosa

c) Tikka Masala








januar 2007
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15
16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31
img