<description><![CDATA[No er det slik at eg fekk nok av denne bloggen, mellom anna på grunn av all reklamen. Framtidig synsing vil dimed gå føre seg på den nye bloggen min, attergangar.wordpress.com. 
Eg har lagt ut lenkjer til bloggar som eg oppfattar som rimeleg aktive. Dersom eg har gløymt nokon, er det berre å seia frå.]]></description>
<description><![CDATA[Eg skundar meg med å visa at eg klarar å oppdatera bloggen ofte, slik at eg gjer meg fortent til å lesa Brit Bildøen.*
I førre post oppmoda eg eventuelle lesarar om å koma med framlegg om kva eg skulle skriva om her på bloggen. Ola ville at eg skulle skriva om augo. Han presiserte ikkje nett kven sine auge det var snakk om, men eg trur kanskje han meinte auge sånn generelt.
Det er nemleg slik at eg tykkjer det meste som har med auge å gjera er veldig ekkelt. Når eg er hjå optikaren, klarar eg ikkje å sjå på plansjane på veggen som syner korleis auge er oppbygde. Dersom eg ser på ein film der det tilfeldigvis og utan åtvaring hender noko med augo til ein av personane, må eg slå av, eller i det minste sjå vekk til det er over. Og so bortetter.
Det eklaste er dersom det hender noko med båe augo. Eitt av dei er til å leva med, men båe... URGH. Eg klarar berre ikkje å tenkja på det. Det er SO EKKELT.
Somme andre ting lokkar fram om lag den same reaksjonen, som til dømes tanken på folk som får tunga skore av (uæh!) eller kjønnslemlesting av jenter (fyttihelvete!). Men av ein eller annan grunn er dette med auge det aller verste. Eg taklar det berre ikkje. 
Eit døme: Kong Ødipus av Sofokles stod på pensum i eit emne eg tok på Blindern for nokre år sidan. Eg las aldri stykket, men eg kjende historia frå før, og førelesaren gjekk i detalj om det som hender på slutten. Det var so fælt at eg hugsar det enno.
Kven veit, kanskje eg berre lyt halda fram med å lesa gamle tragediar (Shakespeares Kong Lear har òg nokre augegreier, etter det eg hugsar) og freista å sjå fleire valdsfilmar, so vert eg herda til slutt. Men smalahovemiddag venner eg meg nok aldri til. 
*Absurd innsidevits.]]></description>
<description><![CDATA[Sidan eg alt har nytta metoden med å spørja eventuelle lesarar til råds, kan eg gjera det ein gong til.
Dette er stoda: Folk seier eg bør oppdatera denne bloggen oftare. Det kan eg jo vera samd i, men ofte er det litt vanskeleg å vita kva eg skal skriva om. Dagleglivet mitt er jo ikkje so interessant, og eg har korkje tid til eller ambisjonar om å verta ein sokalla politisk bloggar.
So folkens. Dersom du vil eg skal skriva meir her, kva bør eg skriva om? Framlegg er velkomne, so lenge dei kan plasserast i ein av desse to kategoriane: 1. Ting eg likar. 2. Ting eg ikkje likar. 
Det er nemleg eit minstekrav at eg interesserer meg for det eg skal skriva om, anten det no er på ein positiv eller ein negativ måte.
(Forresten, veit nokon om det finst ein kuttfunksjon her? Eg vil gjerne leggja ut lengre tekstar, men det ser guffent ut om dei tek opp all plassen på framsida.)]]></description>
<description><![CDATA[Slik det er no, har eg ein reklame- og bokmålinfisert blogg som eg berre hugsar å oppdatera med ujamne mellomrom. Eg kan gje han heilt opp, eller eg kan skjerpa meg og byrja å synsa slik tittelen lovar. Eg freistar det siste, og so får me sjå korleis det går.
Eitt av måla mine for sumaren er at eg skal få lese i alle fall tre av dei bøkene eg eig og som eg aldri har fått byrja på (eller, i nokre tilfelle, kome meg gjennom). Spørsmålet vert då: Kva bok skal eg ta til med? Eg er neimen ikkje  sikker, overlet til deg som les dette å seia meininga di. 
Nett no er eg heime, og dei uleste bøkene mine er i Oslo, men eg kjem i alle fall på tre kandidatar slik i farten:
Snytt av Susan Faludi. 
(Ein feminist skriv om problema dei endra kjønnsrollene fører med seg for ein del amerikanske menn.)
Vampyr! av ?
(Eg hugsar ikkje kven som skreiv denne, men det er ei sakprosabok om vampyrar, slik tittelen hintar om.)
Mitt milde vesen av Brit Bildøen.
(Denne romanen skal vera veldig god, jamvel om eg ikkje hugsar heilt kva han handlar om.)
No kjem eg ikkje til å få byrja på nokre av desse bøkene før eg er attende i Oslo,  men det er jo bra å ha ein plan. Tida får visa om eg er i stand til både å halda liv i bloggen og koma meg gjennom bokhylla... 
Eg skjønar godt at folk ikkje vil skriva bokmål, men kvifor ikkje ta steget heilt ut og skriva nynorsk i staden? 
Absurd nok, mange stader er det heilt ok og normalt å skriva dialekt, sjølv på stader der nynorsk er uglesett. Jamvel der eg er frå, der det framleis er veldig vanleg å ha nynorsk som opplæringsmål, skriv folk ofte ei blanding av dialekt og bokmål. 
Sjølvsagt finst det forklaringar på dette fenomenet: Den norske dialektkampen har ført fram, folk har ofte ein sterk lokal identitet, folk oppfattar nynorsk som noko som er fjernt frå dei sjølve og som dermed ikkje har noko med dialekten deira å gjera, osb. Spørsmålet er: Kva skal målrørsla meina om dette? Er det ein god eller dårleg ting? Er dialektskrivarane lettare å overtyda om at nynorsk er best? Eller er det ein verdi i seg sjølv at folk skriv dialekt?
Personleg meiner eg - og nett no er eg glad for at eg ikkje lenger er ein sentralt tillitsvald i målungdomen, sidan meiningane mine sikkert kan stemplast som elitistiske/politisk ukorrekte/preskriptive - at svaret på det siste spørsmålet er NEI. 
Ikkje nok med at praksisen med å skriva dialekt er i konflikt med det nynorske prosjektet, som nettopp er å skapa eit nasjonalt standardspråk, men han undergrev òg det store praktiske føremålet til språket, det som alle nynorskmotstandarar elskar å dra fram som det einaste viktige: Kommunikasjonen. 
Er det ein bra ting at folk snakkar dialekt? Absolutt; det at me i Noreg kan nytta talemålet vårt i alle samanhengar er ein særs god ting. Men skriftmål og talemål er ikkje det same; det er nærast umogleg å attgje talemålet skriftleg slik det høyrest ut (med mindre ein transkriberer fonetisk, då). Det funkar sikkert greitt nok for dei som skriv slik, men ikkje nødvendigvis for lesarane deira. 
No er det sikkert nokon som tykkjer eg er snobbete og slem. Det får dei berre tykkja. Eg meiner det er bra at det norske språket er so variert, men eg meiner òg at nynorsken tek heilt fint vare på den variasjonen. So da so. 
<description><![CDATA[Jens, Ulrikke m.fl. har posta denne greia i løpet av dei siste dagane. Ingen har tagga meg, so eg gjer det sjølv. Hah. Dersom dei les dette, kan Ola og Elisabeth kjenna seg tagga. 
 * Plukk opp den næraste boka.
 * Opne henne på side 123.
 * Finn den femte setninga.
 * Post dei tre neste setningane.
 * ?Tagg? nokre folk og gje ære til vedkomande som ?tagga? deg.
Her er utdraget:
"Titus laughed harder and harder, until his sides ached. Gnaeus, trying to keep a scowl on his face, suddenly burst out laughing and lost his grip. Publius jerked free and rolled away." 
Frå Roma - the novel of Ancient Rome av Steven Saylor. Utdraget handlar om tre gutungar som vert vener att etter ein slåstkamp. Ikkje smusslitteratur, med andre ord... 
Elles går opphaldet mitt i Montréal mot slutten. Eg er veldig lei for at eg ikkje har skrive meir om det undervegs, men trøysta er at eg kan fortelja alt om det når eg kjem heim. :-)
Oppdatering: Nett i det eg har skrive dette, ser eg at Ola har tagga meg. Han har òg tagga Elisabeth alt, so no slepp i alle fall ikkje ho unna...!]]></description>
<description><![CDATA[Ehh... Eg veit at eg lova aa oppdatera bloggen min ofte foer eg reiste til Québec, for dei som maatte vera interesserte i korleis det er her borte, men det har ikkje heilt gatt slik. Uff. 
For aa gjera det godt att, kan eg dela dagens "argh!"-augneblink med dykk, slik at de kan gjera narr av meg slik eg  fortener. 
Sist veke vart eg sjuk. Det tok til foerre maandag, med vondt i halsen, og det vart raskt verre. Tysdag gjorde eg saers lite anna enn aa sova, men onsdag var eg noeydd aa gaa paa universitetet for aa levera ei oppgaave og halda ein presentasjon. Torsdag skulka eg forelesingar til fordel for aa vera heime og sova. Etc. 
Problemet var at eg hadde ei oppgaave som skulle innleverast i dag. Sidan Annelen var paa vitjing her veka foer eg vart sjuk, hadde eg ikkje gjort noko arbeid verd aa nemna. Og sidan eg sov vekk baade tysdagen og torsdagen (og mesteparten av fredagen), vart helga saers stressande. 
Eirik og Mila (det er bror min og kjaerasten hans, for lesarar med manglande fam. Midtboe Myking-kunnskapar) kom paa torsdagen, og hamna altso midt i eit reir av basillar, snaatt og oppgaave-angst. Heldigvis for dei drog dei til New York i gaar (sundag). 
I alle fall. Eg vart ferdig med oppgaava seint i natt, noko som gjorde at eg ikkje hadde tid til aa faa den franske medbuaren min til aa ta ein kikk paa spraakfoeringa, slik ho har gjort eit par gonger. Vidare forsov eg meg til foerelesinga i dag. Eg gav likevel blaffen i alt dette, sidan det var so fint aa vera ferdig. 
Eg dukka opp i det foerelesinga er over, leverte oppgaava med eit vakkert smil... 
Og so informerer professoren meg om at ho forlenga fristen ei veke sist gong! Hahaha! Snakk om aa vera merksam i timane... 
So kva gjer ein i slike situasjonar? Dersom ein er meg, leverer ein oppgaava likevel, av di ein ikkje orkar tanken paa ei veke til med arbeid, saerleg naar det grip inn i paaskeferien, av di ein har andre oppgaaver aa skriva  - og ikkje minst, av di ein berre veit at ein kjem til aa utsetja det til neste helg likevel... Men kanskje eg berre er uambisioes. Skulle ikkje forundra meg det minste.]]></description>
<description><![CDATA[I dag skulle eg lesa til eksamen, men det var keisamt, so eg laga jolekviss i staden. Det er andre året på rad, og dermed er dette offisielt ein tradisjon. Du finn kvissen frå i fjor her.
Vonleg har ikkje den låge oppdateringsfrekvensen gjort at folk har slutta heilt med å vitja denne vevloggen. Eg vonar at i alle fall somme vil ta utfordringa.
(Av målpolitiske årsaker er alle bokmålsord omsett.)
JOLEKVISS ÅR II
1. Kven har forheksa Narnia slik at det alltid er vinter der, men aldri jol?
a) Heksa Kvit
b) Voldemort
c) Shai'tan
2. Kva er "jol" på fransk?
a) Navide
b) Noël
c) Messe du Christ
3. Kva heiter dei tre brørne som feirar jol ilag på Neshov for fyrste gong på årevis?
a) Torgeir, Jens og Erlend
b) Erlend, Tor og Margido
c) Tor, Mogens og Krumme
4. Kvar i Bibelen finn ein joleevangeliet?
a) Hjå Lukas
b) Hjå Matteus
c) Hjå Markus
5. Kva heiter "skurken" i barne-TV-klassikaren Pernille og stjerna?
a) Mr. Black
b) Mr. Nelson
c) Dr. D. Vider
6. Kven var den fyrste til å gjera songen Santa Baby kjend?
a) Ella Fitzgerald
b) Madonna
c) Eartha Kitt
7. Kven har skrive A Christmas Carol?
a) Wilkie Collins
b) Jane Austen
c) Charles Dickens
8. Kva for ein diktar står bak teksten til Det lyser i stille grender?
a) Anders Hovden
b) Olaug Nilssen
c) Jakob Sande
9. Kva for ei av desse Sherlock Holmes-forteljingane går føre seg i jola?
a) The Hound of the Baskervilles
b) The Blue Carbuncle
c) A Scandal in Bohemia
10. Kva har Karl-Bertil Jonsson gjort, sidan far hans er sint på han?
a) Han har røykt hasj
b) Han har gjeve vekk rike folk sine jolegåver
c) Han har skifta hovudmål til nynorsk
Lukke til!]]></description>
<description><![CDATA[Det er snø i Montréal, og det er so fint å sjå på!
Eg kom over ei av dei gamle gjerelistene mine, og tenkte eg skulle posta henne her, for å bidra litt til intimitetstyranniet. Det er ganske artig å tenkja på at eg pla ha eit slikt tett program; dagane her er ganske annleis, rimeleg nok. 
(Legg merke til at det står OK på so godt som alle punkta. Heh.)
Gjereliste veke 10
Måndag
Tog til Oslo kl 08.00 OK
Årsmøte i KMU og MiO kl 15.30 OK
Skriva lesarinnlegg til KK OK
Skriva ferdig utkast til leiartalen                            
Skriva tillegg til årsmeldinga OK
Spyrja Unn om: 
- Å skriva til Mål og Makt OK                                                                                              
- SmiO og Mål og Makt-debatt OK                                                                                    
- Årsmelding OK                                                                                                                  
- Utsendingar til landsmøtet OK                                                                                    
Spyrja Olaug Nilssen om å skriva om Morgenbladet for Mål og Makt OK
Vaska klede OK
Tysdag
Undervising 8.15 til 12.00 OK                                                                                             
Laga eit fint oversyn over kurs eg vil ta i Montréal OK
Gå innom studieseksjonen og smiska OK
Henta lettre de recommandation utanfor kontoret til Marianne Hobæk Haff OK
Setja inn pengar på konto i Nordea OK
Møte i sumarleirnemnda Fredrikke kl 16.30 OK
Laga reiserekningar for målferd OK
Sentralstyremøte skrivarstova kl 18.30 OK
Onsdag
Undervising 12.00-14.00 OK
Få alle vedlegga til søknaden på plass, inkl. kopi av pass OK
Levera søknaden OK
Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
Middag med tante Marit på Eno 17.00 OK
Ringert på skrivarstova 18.30 OK
House M.D. 21.45 OK
Torsdag
Flow 08.00
Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
The Departed om kvelden? OK
Fredag
Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
Lesa på stoff i FRA 1101
Førebu skipingsmøte DNP OK
Laurdag
Vitja skipingsmøtet til DNP (?) OK
Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
Sundag
Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
<description><![CDATA[... men ein gjer no so godt ein kan. 
No har eg vore i Montréal i to og ei halv veke. Før eg reiste, hadde eg lova å posta bilete, men eg har ikkje kamera. Det einaste eg har, er den telefonen som eg måtte kjøpa då eg kom, av di den eg hadde ikkje funka her borte, og eg har enno ikkje kome so langt som til å finna ut korleis eg kan leggja bilete derifrå ut på nettet. Hovudsakleg på grunn av latskap. 
Nuhvel. Kva skal ein seia so langt?
Montréal er ein fin by. Og det seier eg utan å ha vore i gamlebyen, som er eitt av dei viktigaste turistmåla. Eg tek nokre få område om gangen, og det funkar so langt. Bydelen eg bur i, Outremont, gjev meg nok grunnlag til å koma med påstanden om byen generelt: Lange, låge husrekkjer med snirklete trapper på utsida, små grøne lunger overalt, beine gater av typen du har sett på amerikanske filmar. Og i parken rett utanfor huset mitt ligg eit symjebasseng. Slå den.
Livet på universitetet minner mykje om livet på Blindern, noko som sjølvsagt er fint. Ein stor skilnad: Alle førelesingane mine varer i tre timar. So har ein vel minst to pausar? Hå nei, du. Ein lyt pent sitja og høyra på professoren i halvannan time i strekk før ein får 10-15 minutt til å gå på do og kjøpa kaffi. Eg fattar ikkje korleis dei 45 minutt lange øktene på UiO nokon gong kan ha gjort meg trøytt...
Eg vil ikkje at dei innfødde skal snakka til meg på engelsk, noko fleire av dei er raske til å gjera om dei trur at du ikkje forstår, so eg latar som eg skjønar litt meir enn eg gjer.
Meg som skal spørja om noko: Comment est-ce que on fait... pour... øh...
Butikkperson/kontorperson/professor/etc: Argikjeorgrdohyrthoij, rophtjeårh, toijåsåojsjg.
Meg: Eh.. bon... oui? Oui. Øh. Merci.
Eller noko slikt.  
Misforstå meg rett: Eg likar språket, og eg tykkjer eg byrjar å få nokso godt grep på det etterkvart, ikkje berre skriftleg. Men å studera ting saman med franskspråklege studentar her, er noko heilt anna enn å ta grammatikk 1 heime, ja... Om det var nokon tvil.
So får me sjå om det kjem nokre fine bilete snart.]]></description>
<description><![CDATA[(Åtvaring: Denne posten er lang, og utan interesse for deg som er utan interesse for Harry Potter. Synd for deg. )
No har eg endeleg fått sett den femte Harry Potter-filmen, og eg føler stor og ekte ærefrykt for regissøren. Tenk at han klarte å laga ein Potterfilm som eg ikkje berre godtok, men faktisk likte. Det har ikkje hendt før. 
Jepp, eg er av den typen som er særs kravstor når bøker eg likar vert filma. Filmatiseringane av HP har vore blanda drops so langt. Dei fyrste to var OK, men gjorde lite inntrykk. Den tredje skuffa meg heilt enormt. Fallhøgda var rett nok stor, av di Harry Potter and the Prisoner of Azkaban alltid har vore favorittboka mi i serien (og er det framleis), og av di filmen fekk mykje skryt for å vera "den myrkaste HP-filmen so langt" osb. Men sovidt eg hugsar var 3-aren både rotete og usamanhengjande, og lite oppklarande. For folk som ikkje har lese boka må han ha vore ei forvirrande affære. ("Kvar kom det kartet frå?" "Kven er den rottemannen?" "Kvifor kosar læraren til Harry med den rømte galningen?")
Nei, då var det noko anna med denne filmen. Stilig klipping, skummel stemning, og faktisk ei samanhengjande fortald historie. Alt som vart introdusert hadde ei plass i forteljinga, alle trådar vart samla. Særs bra. 
Dolores Umbridge var perfekt i all den rosa vondskapen sin. Tonks var gjennomført søt, tøff og sjarmerande. Helena Bonham-Carter gjorde sjølvsagt ein strålande innsats som den klin sprø og vondskapsfulle Bellatrix Lestrange. Hermione hadde overlete dei rosa kleda sine til Umbridge, og framstod i staden meir som ho gjer i bøkene: Ei handlekraftig og sjefete, superintelligent frøken som har viktigare ting å tenkja på enn korleis ho ser ut. 
Ja, og so Luna Lovegood. Ho var strålande. Eg er viss på at dei som laga filmen er samde med meg i at ho ville vore ein super kjærast for Harry, om han hadde hatt vit til å innsjå det. På eitt tidspunkt stod dei til og med og heldt hender. Det var so søtt at eg nesten fekk tårer i auga.
Sjølvsagt var ikkje filmen perfekt. Det var for lite Remus Lupin, for lite Severus Snape og berre akkurat sovidt nok Sirius Black. Sistnemnde var litt for sprø etter mi meining. Greitt nok at han saknar bestevenen sin og at han er litt ubalansert, men at han tok Harry for å vera far sin? Ærleg tala. Og kvifor gjekk han i noko som såg ut som ein slåbrok på togstasjonen?
Men eg likte at Cho Chang var den som enda opp med å sladra på den hemmelege kamptreninga til Harry og dei. (I boka er det den sleipe veninna hennar som gjer det.) Litt romantisk drama skadar aldri. Hehe. 
Me såg ikkje mykje til Draco Malfoy i denne filmen. I motsetnad til ein del andre, var eg glad til (jamvel om skodespelaren verkeleg er vorten ganske heit). Malfoy er ein blautfisk og ein dust. Eg kjem forresten ikkje over kor mykje far hans liknar på skogalven Haldir i filmatiseringa av "The Fellowship of the Ring". 
Nye-Dumbledore irriterte meg ikkje slik han gjorde i den førre filmen. Heldigvis, sidan eg er vorten litt av ein Dumbledore-fan etter bok 7. Før det var eg nokso likesæl til han, men no er han interessant. Gjett om det vert tøft i neste film, når han og Harry skal ut for å grava i Voldemort si fortid!
Konklusjon: Dersom dei same folka skal filmatisera "Harry Potter and the Half-Blood Prince", gler eg meg slik eg aldri har gledd meg til ein Potterfilm før. Oioioi.]]></description>
<description><![CDATA[Eg trur at eg kanskje reagerer på jordbær. Dei siste dagane har eg fått uventa mange kviser, og det er ikkje fyrste gongen at slikt har hendt etter inntak av jordbær eller -syltety. Spørsmålet er om ikkje det er verd det. For å sitera bror min: Det er utruleg at noko som er so sunt kan vera so godt. (Han snakka rett nok om vassmelon, men det er absolutt gyldig i båe tilfella!)
Av ting eg ikkje likar å gjera, rangerer klesvask høgt, om enn etter oppvask. Det at at Maria i kveld såg ei rotte - to gonger! - i hjørnet attmed inngangen til vaskeriet, hjelper ikkje akkurat. Blærk. Ein ting eg derimot har funne ut at eg likar, er å trena ofte, helst fleire gonger i veka. (Høyrest meir imponerande ut enn det er, i grunnen.)  På same måten som med jordbæra og kvisene, vert ein nøydd til å ta det kjipe med det gode, av di trening = klesvask. Akkurat som trøytt og sløv hjerne = kvasifilosofi. 
Om nøyaktig ein månad reiser eg til Canada.]]></description>
<description><![CDATA[Sidan sist laurdag er eg ikkje lenger leiar i målungdomen, berre ein vanleg medlem. Endeleg kan eg vera so usakleg eg berre vil på denne vloggen. Yes! 
Nynorsk er best!
Bokmål gjev byllepest!
Skriv du ikkje "ikkje"
ender du som mat for bikkje!
Ålvorleg tala: Det har vore særs spennande og lærerikt å vera leiar i NMU. Det er verkeleg ein fin organisasjon, som eg er veldig glad i. Men no er det på tide med nye utfordringar, både for meg og for dei som har teke over målungdomen. 
Eg skal:
- reisa til det bokstavleg tala store utlandet og læra meg flytande canadisk-fransk.
- deretter skaffa meg ein universitetsgrad eller to. 
NMU skal:
- gje bank til skurkane som hindrar nynorskelevane i å få bøkene sine.
- deretter snu målstoda i Noreg.
Det er fint å høyra på planane Jens og resten av sentralstyret har for hausten. So lenge NMU har ivrige og flinke folk som kan ta i eit tak, ser det slett ikkje myrkt ut for nynorsken.
<description><![CDATA[Medan me ventar: dette er ei fantastisk side. 
<description><![CDATA[Eg sit og skriv på ei innleiing om nasjonal sjølvråderett som eg skal halda på sumarleiren til målungdomen. Det er vanskelegare enn eg trudde. So mange potensielle problemstillingar å ta tak i, og so mange feller å styra unna! Eg vil helst unngå oppgulp og klisjear, og vert dimed tvinga til å tenkja. Mykje. Argh. 
Greia er nemleg denne: Nasjonal sjølvråderett er eit komplisert prinsipp. Det er særs uklårt kva som ligg i både "nasjonal" og "sjølvråderett", og ein kombinasjon av desse to vage omgrepa må nødvendigvis leia til ein del forvirring. Misforstå meg ikkje: Eg stør NMU si tradisjonelle forståing, som skil mellom stat og nasjon, som stør folk sin rett til å rå seg sjølve, og som ser nasjonal sjølråderett som eit spørsmål om demokrati. Men samstundes kan ikkje prinsippet om den nasjonale sjølvråderetten gjerast til ein universell maksime, nettopp av di det er so tvitydig. 
I jakta på inspirasjonskjelder, kom eg over denne artikkelen frå Motmæle 1-97. Fy flate, so god han var. (Eg visste at Eli B er ei intelligent dame, men dette? Wow.) Jamvel om det er gått ti år, herskar mange av dei same haldningane hjå dei intellektuelle. Det er synd at so mange smarte folk kan meina so mykje kjipt. 
At ein ikkje skal kunna ta stiling for noko og mot noko anna, til dømes, har alltid provosert meg. I ytste konsekvens vert dimed alt engasjement mistenkjeleggjort som potensiell vilje til undertrykkjing. Eit godt døme er reaksjonane Ane Dahl Torp fekk då ho ytra seg positivt om innsatsviljen til AKP-arane. Merk: Innsatsviljen deira, ikkje dei politiske meiningane! Av di dama var imponert over kor mykje folk ville gjera for å skapa det dei meinte var ei betre verd, vart ho kalla "hjernedød" og det som verre var. På same måten er mange norske politikarar redde for å vera for eller mot EU, av di dei trur dei framstår som meir reflekterte dersom dei ikkje har eit standpunkt. So feil kan ein ta. ]]></description>
<description><![CDATA[Jadda, jadda, eg veit eg er ein dårleg bloggar. Ikkje oppdaterer eg ofte, og ikkje kjem eg med grundige og skarpsindige analysar av situasjonen i Midtausten og oppslutninga om Frp. Men eg freistar å skjerpa meg. Til dømes har eg, som de sikkert legg merke til, endra utsjånaden på vevloggen, og gjeve han eit litt ljosare og meir optimistisk preg. 
Det trengst. Som overskrifta hintar om, hender det saker & ting i nynorskverda for tida. Diverre er mykje av det direkte dårleg. Dei fleste har sikkert fått med seg det famøse utspelet til Erling Lae om å få den obligatoriske nynorsken ut av osloskulane. Mannen er veldig glad i nynorsk, hevdar han sjølv. Det må vera difor han ikkje vil at skuleelevane i Oslo skal læra han. 
(Sjølv vart eg ein gong skulda for noko liknande, av ein fyr i Nationen som meinte at eg ville ha språket mitt for meg sjølv etter at eg hadde kritisert ein målrørslehatande norsklærar i eit lesarbrev. Ja, det var akkurat so fornuftig som det høyrest ut.)
Noko som er endå verre enn dette tulleframlegget (om mogleg), er at IKKJE I ÅR HELLER kjem alle læremidla på nynorsk. Det er heilt utruleg. Utdanningsdirektoratet har heile tida nekta for at problemet er stort, og so syner det seg at 150 titlar eller deromkring berre kjem på bokmål. Tanken gjer meg meir trist, lei og oppgjeven enn eg har ord for. Kva hjelper det med fine ord om å styrkja nynorsken si stilling i samfunnet og gjera alle nordmenn tospråklege, når staten sjølv motarbeider oss? Det er handling me treng. Fine ord om nynorsken er målrørsla fullt i stand til å koma med sjølv. 
Men det vert sagt at for kvar stengt dør opnar det seg eit vindauge, og heldigvis hender det fine ting òg. Dette, til dømes. 
Ein annan fin ting, er at sumarleiren til NMU nærmar seg. Det vert etter alt å døma ein veldig bra leir. Det vonar eg i alle fall, sidan det vert den siste målungdomstilskipinga mi på svært lenge. 
Tenk at to år kan gå so fort og so seint på ein gong! I august 2005 tok eg til som leiar i målungdomen. So mykje har hendt sidan, og likevel hugsar eg godt kor spennande det var. Eg skulle likt å vita kor mange sentralstyremøte eg har vore på i alt (som nestleiar òg). Veit ikkje om eg gidd å telja, men det vert ein del timar til saman. 
Eg lurte litt på om eg skulle laga ei liste over dei fem mest minneverdige hendingane frå tida mi som NMU-leiar, men i so fall lyt det venta tre veker til. Det kan jo henda at sumarleiren fortener ein plass på lista, og det er aldri bra å føregripa hendingar, som det so fint heiter. 
<description><![CDATA[Eg har tidlegare nemnt at folketomme lesesalar passar meg best. Ikkje berre slepp eg å uroa meg for om eg forstyrrar naboane mine, men eg slepp dessutan at naboane forstyrrar meg. No vert eg ikkje so plaga av litt ljod sånn generelt. Men nokre typar ljod er meir plagsomme enn andre.
Ljoden av forkjøla og tungpusta folk, til dømes. Dei må jo lesa til eksamen dei òg, stakkars, men verkeleg: Når ein fyrst vert merksam på at personen til høgre sit og inhalerer ffffffffffffp - pffffffff, iblanda eitt og anna SNORT, om og om att, vert det straks vanskelegare å konsentrera seg om infinitte konstruksjonar og konjunktiv, eller kva ein no held på med. Kanskje er øyreproppar ein god idé likevel.]]></description>
<description><![CDATA[Simen Sætre, journalist i Morgenbladet, har skrive ein artikkel denne veka der han nyttar mykje plass på å polemisera mot Noregs Mållag, samstundes som han gjer alt han kan for å erklæra dei irrelevante.
Den same Sætre var det som skreiv om "Den nye målstriden" i vinter ein gong. Både den artikkelen og denne nye er illustrerte med "treffande" karikaturar, den fyrste av ein overmektig Ivar Aasen som denger laus på ein innvandrar i ein boksering, den andre av ein overfødd nordmann med SNAKK NORSK i den store kjeften som tvangsforar eit myrkhuda offer med bokstavar. 
Eg veit ikkje om eg gidd å argumentera mot Sætre på denne bloggen. Det er for seint, og eg er for trøytt. Men det er nok å slå fast at synet hans på innvandring og nasjonalitet er udynamisk (kva so om den delen av folket som har opphav i eit anna land vil utgjera 25 % i 2060? Me snakkar for ein stor del om etterkomarar av innvandrarar, som er oppvaksne her, og som sjølv avgjer om dei er norske. Nasjonalitet har ingenting med gener å gjera, for svingande), og at løysinga hans - at engelsk skal få ein slags offisiell status i Noreg for å gjera livet lettare for innvandrarane, ja, at innvandrarane ikkje bør ha bruk for å læra norsk i det heile - både er urealistisk og dum.
Dum, av di det slett ikkje er slik at alle innvandrarar er so fordømt gode i engelsk. (Med mindre me berre vil ha "eliteinnvandrarane", og soleis tappa andre land for kvalifisert arbeidskraft.) Urealistisk, av di du får ikkje nordmenn til å brått gje opp morsmålet sitt og snakka engelsk med einannan. So med mindre ein tykkjer mellommenneskelege relasjonar er fullstendig uviktige - for ein vil ha vanskeleg for å få del i ein fellesskap om ein ikkje kan dei språklege kodane som eksisterer der - trur eg neppe Simen Sætre sine løysingar vil føra til god integrering. 
Sorry, Simen Sætre, men eg føler meg korkje framandfiendtleg eller antiislamsk, jamvel om det kan verka som om du freistar å klistra slike haldningar til oss som arbeider for og bryr oss om nynorsken. Det kan godt vera at påføring av skyld og skam funkar godt i somme høve, men eg er ikkje overtydd om noko som helst anna enn at ein mann som skildrar den norske målstriden som at "Norge har en språklig minoritet, som i nær 150 år har kjempet for å skrive slik de snakker", ikkje har altfor mykje å læra meg - eller nokon andre - om målsak.]]></description>
<description><![CDATA[Dagen i dag har vore ganske bra. Eg fekk særs gode attendemeldingar på den tidlegare omtala analysen av "Studenten", me diskuterte Poe sin "The Tell-Tale Heart" i gruppeundervisinga på LIT1302 (jippi!), og eg var i stand til å svara på vanskelege spørsmål på førelesinga i Fransk grammatikk 2. Kanskje kan den akademiske karrieren min framleis reddast.
Men over til noko anna: Eg må få ut dette ut av systemet mitt. Og om det eg kjem til å skriva no kan verka intolerant eller fordømande er ikkje det meininga. Eg tykkjer sjølvsagt at folk må leva livet slik dei vil, og er dei lukkelege, er ingenting betre enn det. Det er berre so utruleg forstyrrande når problematiske ting vert framstilt på ein harmoniserande og/eller normaliserande måte. 
Eg snakkar om ein dokumentar eg såg på TV Norge i går som handla om seksuallivet til feite folk. Og då snakkar me ikkje om normalt runde/lubne/tjukke personar, men om folk som leid av 200-kilos overvekt. Dei hadde intervjua fire-fem sjukeleg overvektige folk og partnarane deira. Dei fleste var saman med nokon som var (mykje) tynnare enn dei sjølve. Bortsett frå èi dame, som opplevde fedmen sin som eit hinder for å leva det livet ho ynskte seg, var alle særs fornøgde slik dei hadde det. Partnarane ikkje minst. 
Bortsett frå å slå inn nokre opne dører (kommentatoren tok opp att fleire gonger at "overvektige har akkurat de samme fysiske behov som andre" - nei, seier du det, du?), var dokumentaren oppteken av korleis desse personane fornekta idealet om at ein må vera slank for å vera sexy, eit ideal som overser det faktumet at 20 % av verdas befolking er overvektige . Alt her er det noko som skurrar. Dei fleste som ikkje er sjukeleg fikserte på slanking og kropp, veit at tjukke personar kan vera pene. Mange likar at kjærasten deira har litt kjøt på beina. Men det er stor skilnad på å vega 10 og 200 kilo for mykje. Det fyrste er ganske normalt, det siste er sjukeleg, og ikkje representativt for 20 % av folket i verda. 
Det var tydeleg at intervjuobjekta ikkje klarte seg sjølve. Èin sat i rullestol, èi kunne berre stå oppreist i nokre få minutt av gangen, èi hadde ikkje vore ute av huset på årevis. Fedmen deira hindra dei altso i å leva eit normalt liv. Men seksuallivet deira var i det minste intakt. Tre av fem hadde partnarar som var sokalla "Fat admirers". Dei tykte handicappet var sexy.
Og dèt tykkjer eg er nokso guffent. Tenk om ein tilsvarande dokumentar hadde vorte laga om nokon som var lam og som kunne verta frisk, men som motsette seg dette av di kjærasten likte at ho ikkje kunne røra seg?! Eg trur mange hadde vorte sjokkerte over eit slikt forhold. Her er det meir som om "dei feite bør vera glade for at nokon vil ha dei slik dei er". 
Problemet mitt er ikkje estetisk, det er moralsk. Det handlar om råderetten over sitt eige liv. Eg tykkjer at det er djupt problematisk å glorifisera forhold der den eine parten er hjelpelaus og avhengig av den andre, som er frisk, rask og har full kontroll, og at denne dokumentaren gjekk litt for langt i å gjera nettopp dette.
Eg kan ikkje skjøna anna enn at den dokumentaren må fungera deprimerande på overvektige folk. I beste fall signaliserer han at "det gjer ingenting om du er sjukeleg feit og ikkje klarer deg sjølv, for det finst folk som tykkjer det er tiltrekkande, og det må då vera ei trøyst?". I verste fall set han alle overvektige i same bås ved å framstella desse folka som representative på eit eller anna vis. At ein kan vera "sexy utan å vera syltynn" er ikkje noko nytt. Men fedme på dette nivået handlar ikkje om kva som er attraktivt eller ikkje, det handlar om kva som er helseskadeleg. Dersom produsentane ville laga ein dokumentar om overvektige folk som var både attraktive og lukkelege, var dei nøydde til å ty til slike ekstreme tilstandar? Hjelpe meg.]]></description>
<description><![CDATA[Ok. Det er seint, og eg får ikkje sova sidan ein eller annan i huset spelar Wuthering Heights med Kate Bush om att og om att utan stopp (og eg som likte den songen! Takk skal du ha, ukjende galning), men eg er nøgd med meg sjølv. Eg har klaga på ein offentleg instans. 
Ein ung mann eg kjenner fann opp det fiktive "Pensjonistmållaget" for ei stund sidan. Dette er laget for alle som er over sytti mentalt, dvs som likar å klaga, kritisera og finna feil. Jamvel om eg eigentleg ikkje tykkjer eg har vore altfor kritisk - eg har faktisk sagt frå om eit gjenteke brot på rettane mine som nynorskbrukar - trur eg kanskje eg har vore syrleg og sarkastisk nok til at laget i det minste bør vurdera kandidaturet mitt. No opererer Pensjonistmållaget visstnok med endå strengare opptakskrav enn Forfattarforeininga, men dei kan jo lesa e-posten eg skreiv tidlegare i kveld, og døma sjølv:
Kjære Nordhordland likningskontor 
Som e-postadressa mi tyder på, er eg oppteken av at nynorsken skal verta brukt, og at me som skriv språket skal verta respekterte. Diverre er de mellom dei som har eit forbetringspotensial i denne samanhengen. 
For tredje eller fjerde år på rad har eg fått sjølvmeldinga mi på bokmål, trass i at eg faktisk har sagt frå meir enn ein gong at eg vil ha henne på nynorsk. Bokmål og nynorsk har den same offisielle statusen i Noreg, og retten eg (og alle andre som ynskjer det) har til å få offentlege skjema på nynorsk er heva over all tvil eller diskusjon, noko eg sjølvsagt reknar med at de er klare over. 
Eg veit ikkje om det er teknisk svikt eller menneskeleg sløvskap som ligg bak dette, men det som verkeleg uroar meg, er at eg sikkert ikkje er den einaste som opplever dette. Av dei mange nynorskbrukarane som får sjølvmeldinga på bokmål, er det truleg dei færraste som skriv irriterte e-postar eller seier frå om det på anna vis. (Diverre!) 
Dersom det er slik at de sender ut skjemaet på bokmål til alle i Nordhordland, burde de kanskje revurdert praksisen dykkar. Kva med å senda ut skjemaet på nynorsk, og sjå kor mange som tek seg bryet med å spørja etter det på bokmål? Dei fleste, både bokmål- og nynorskbrukarar, treng å lesa meir nynorsk for å verta støe i språket. Eg tykkjer at likningskontoret i eit nynorskdistrikt - som Nordhordland faktisk er - ikkje bør sabotera den innsatsen som stadig vert gjort for at unge strilar skal utvikla ein positiv identitet som nynorskbrukarar. 
Kort sagt: Eg vil gjerne ha tilsendt ei ny sjølvmelding, på nynorsk denne gongen. I tillegg vonar eg at eg slepp å få ein "selvangivelse" i posten neste år. 
Beste helsing 
Synnøve Midtbø Myking ]]></description>
<description><![CDATA[På veg til Blindern i dag kom eg på at historia om Prinsen av Wales og Camilla Parker Bowles er utruleg rørande, for ikkje å seia romantisk. Det er ei historie om årelang kjærleik, om to menneske som ikkje kunne gløyma einannan jamvel om reglar i samfunnet hindra dei i å vera saman. Og i motsetnad til mange andre liknande historier, fekk denne ein lukkeleg slutt.
Ja, dei var utru mot ektefellane sine. Ja, tilhøvet deira førte til mykje vondt for Diana. Nei, dei oppførte seg ikkje alltid so sympatisk. Og jamvel om britane er mindre negative til forholdet enn dei var før, er det visstnok mange som finn dette vanskeleg å svelgja. 
Men: Alle som har lese eller sett Brokeback Mountain, veit at Ennis og Jack var utru mot konene sine og gjorde dei ulukkelege. Kjærleikshistoria vert ikkje mindre gripande eller trist av den grunn. Tvert om, det at dei elskande ikkje får einannan, og at det får fæle fylgjer for alle, gjer tragedien endå større.
Heldigvis for Charles og Camilla fekk historia om dei ein lukkeleg utgang, trass i alt det vonde dei sjølve og andre måtte oppleva før den tid. Difor synest eg folk i Storbritannia bør vera litt meir overberande mot dei, om ikkje anna av di dei er eit levande prov på at kjærleik er i stand til å overvinna alt. 
<description><![CDATA[Endå ein seint-på-Blindern-post...
Er nett ferdig med obligatorisk kvalifiseringsoppgåve i LIT1302, som gjekk ut på å analysera novella "Studenten" av Tsjekhov. Det var i grunnen ei spanande oppgåve, som mellom anna førte til at eg laut konsultera Bibelen (forteljinga om då Peter fornekta Jesus natt til langfredag er svært viktig i novella). Det er det lenge sidan eg har gjort. 
Ein gong eg får tid, skal eg lesa heile Bibelen. Eg trur eg freista for ein del år sidan, men so gjekk eg trøytt av alle ættetavlene i det gamle testamentet... Det er ei fascinerande bok, òg dersom ein ikkje trur på det ho forkynner. Dessutan er det å ha kjennskap til Bibelen viktig for å forstå kulturhistoria, for ikkje å snakka om alle dei litterære referansane ein møter. Eg har lyst til å lesa Koranen òg. Finst han på nynorsk?
Dersom eg skal gjera eit avvik frå mantraet om at "alle språk passar like godt til alt", so trur eg høgnorsk er særs godt eigna til trugande utsegner:
"[D]å skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,
og hogga han sund og lata han få sin lut i lag med hyklarane, der dei græt og skjer tenner." (Matteus 24, 50-51)
"Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine, og eg vil halda dom hjå deg og spreida alt som vert att hjå deg, for alle vindar." (Esekiel 5, 10)
"Eg vil lata alle riki på jordi fara ille med dei, so dei skal lida vondt, og eg vil gjera dei til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei forbanning på alle dei stader som eg driv dei burt til." (Jeremias 24, 9)]]></description>
Eg lurer på om eg er asosial. I det minste på Blindern.
Den normale studenten går nemleg heim når klokka nærmar seg fem. Ikkje eg. Det er favorittida mi for å sitja på HF-biblioteket, når det er myrkt ute og stille inne, med rekkjer og rekkjer av tomme lesesalplassar, berre med nokre få bokormar spreidd her og der, bøygde over pensum. 
Tidlegare på dagen, kring tolv-eitt, er det andre tilstandar som rår. Ein krinsar som ein åtselfugl rundt på speiding etter ein ledig plass, helst ein der det er litt avstand til naboane, slik at ein slepp å be dei om å flytta ranselen og jakka dei har slengt ved sidan av seg, noko dei gjer med motviljuge sukk.
Og jamvel om det aldri er heilt stille midt på dagen, med folk som går til og frå, rasling frå skrivehefte og ei og anna piping frå nokon som har gløymd å setja mobilen på ljodlaus, er det likevel då ein risikerer å få flest stygge blikk dersom ein er so uheldig å ha på seg Converse-sko med solar som knirkar mot linoleumen etter å ha vore brukt i slapsevêret. 
Med mange folk kring seg, er det vanskelegare å slappa av. Eg tek til å uroa meg for om eg slurpar når eg drikk kaffi, om eg snufsar for høgt (det er ok å vera forkjøla, men ikkje å vera indiskret), om eg bråkar for mykje når eg leitar gjennom bunkane med papir som stadig hopar seg opp og må setjast i permar. 
Nei, folketome rom er best – i det minste når ein berre har seg sjølv, tre-fire tjukke pensumbøker og eit notathefte å tenkja på.
* ”Helvete er dei andre” (Sartre). Litt overdriven tittel, kanskje, men tøff.   
<description><![CDATA[Eg sit på ei av datastovene på Sophus Bugge, og glanar ut vindauget. Dimed oppdaga eg nett no dei store brune kassane som er strategisk plasserte midt på plassen. Ein lastebil har nett lasta ned dei siste, og folk pakka inn i jakker og sjal deler ut gratis studentposar til dei forbipasserande (akkurat i det eg skriv dette, stoggar Sigbjørn for å ta mot ein pose. Artig), medan snøen kvervlar kring hovudet på dei. 
Å få ting gratis er ei glede ein aldri veks frå. Sjølv eg, miljømoralist som eg er, tykkjer det er stas å få gratis mat på flyet, jamvel om eg grøssar ved tanken på alt eingongsbestikket og all maten som vert kasta (som om ikkje flyreiser var forureinande nok). Og når NMU har søkt Toro om sponsing, og me får tjue kassar med spansk gryterett, er det frykteleg stas. 
Kanskje ingen nye og revolusjonerande innsikter i dette innlegget, men det får våga seg. No skal eg ut og skaffa meg ein pose fullt av gratis stæsj.]]></description>
<description><![CDATA[No sit eg eigentleg og skal skriva på ei innleiing om målsak og partipolitikk. Det har eg - i teorien - halde på med i snart to timar. Til no har eg skrive om lag ei side i stikkords form. Det må vera av di eg har uvanleg lett for å verta distrahert i dag
Legar utan grenser har laga eit opprop mot at patentar skal vera viktigare enn menneskeliv som eg oppmodar alle som les dette til å skriva under på. 
sidan eg stadig vekk tek meg sjølv i å lesa e-post eller 
Klassekampen formidlar synet om at striden mellom Gerd-Liv Valla og Ingunn Yssen kan skuldast ulikt syn på EU. Eg trur det må liggja meir bak, jamvel om ingen av oss vanlege folk utanfor LO veit kven som er skurken her (eg har rett nok vondt for å tru at Valla skulle mobba Yssen for å vera gravid). Det er i alle fall ikkje kvardagskost at kjende personar går i strupen på andre kjende personar på den måten, jamvel om Eli Hagen har diska opp med både det eine og det andre i boka si. 
nyhende på nett, når eg ikkje sjekkar viktige ting
I morgon 8.15 byrjar semesteret for min del. Før det må eg på eit eller anna tidspunkt få lese kapitelet om "Førromantiken och nyklassicismen", som står på pensum i eitt av emna eg skal ta til våren. 
som gjeld studia mine. 
Nei. Kanskje best å hiva seg over frepparane, sosialdemokratane og kommunistane før det er for seint.]]></description>