Leseliste

Slik det er no, har eg ein reklame- og bokmålinfisert blogg som eg berre hugsar å oppdatera med ujamne mellomrom. Eg kan gje han heilt opp, eller eg kan skjerpa meg og byrja å synsa slik tittelen lovar. Eg freistar det siste, og so får me sjå korleis det går.

Eitt av måla mine for sumaren er at eg skal få lese i alle fall tre av dei bøkene eg eig og som eg aldri har fått byrja på (eller, i nokre tilfelle, kome meg gjennom). Spørsmålet vert då: Kva bok skal eg ta til med? Eg er neimen ikkje sikker, overlet til deg som les dette å seia meininga di.

Nett no er eg heime, og dei uleste bøkene mine er i Oslo, men eg kjem i alle fall på tre kandidatar slik i farten:

Snytt av Susan Faludi.
(Ein feminist skriv om problema dei endra kjønnsrollene fører med seg for ein del amerikanske menn.)

Vampyr! av ?
(Eg hugsar ikkje kven som skreiv denne, men det er ei sakprosabok om vampyrar, slik tittelen hintar om.)

Mitt milde vesen av Brit Bildøen.
(Denne romanen skal vera veldig god, jamvel om eg ikkje hugsar heilt kva han handlar om.)

No kjem eg ikkje til å få byrja på nokre av desse bøkene før eg er attende i Oslo, men det er jo bra å ha ein plan. Tida får visa om eg er i stand til både å halda liv i bloggen og koma meg gjennom bokhylla...

Synnoeve, stjernestudenten fraa nord

Ehh... Eg veit at eg lova aa oppdatera bloggen min ofte foer eg reiste til Québec, for dei som maatte vera interesserte i korleis det er her borte, men det har ikkje heilt gatt slik. Uff.

For aa gjera det godt att, kan eg dela dagens "argh!"-augneblink med dykk, slik at de kan gjera narr av meg slik eg  fortener.

Sist veke vart eg sjuk. Det tok til foerre maandag, med vondt i halsen, og det vart raskt verre. Tysdag gjorde eg saers lite anna enn aa sova, men onsdag var eg noeydd aa gaa paa universitetet for aa levera ei oppgaave og halda ein presentasjon. Torsdag skulka eg forelesingar til fordel for aa vera heime og sova. Etc.

Problemet var at eg hadde ei oppgaave som skulle innleverast i dag. Sidan Annelen var paa vitjing her veka foer eg vart sjuk, hadde eg ikkje gjort noko arbeid verd aa nemna. Og sidan eg sov vekk baade tysdagen og torsdagen (og mesteparten av fredagen), vart helga saers stressande.

Eirik og Mila (det er bror min og kjaerasten hans, for lesarar med manglande fam. Midtboe Myking-kunnskapar) kom paa torsdagen, og hamna altso midt i eit reir av basillar, snaatt og oppgaave-angst. Heldigvis for dei drog dei til New York i gaar (sundag).

I alle fall. Eg vart ferdig med oppgaava seint i natt, noko som gjorde at eg ikkje hadde tid til aa faa den franske medbuaren min til aa ta ein kikk paa spraakfoeringa, slik ho har gjort eit par gonger. Vidare forsov eg meg til foerelesinga i dag. Eg gav likevel blaffen i alt dette, sidan det var so fint aa vera ferdig. 

Eg dukka opp i det foerelesinga er over, leverte oppgaava med eit vakkert smil...

Og so informerer professoren meg om at ho forlenga fristen ei veke sist gong! Hahaha! Snakk om aa vera merksam i timane...

So kva gjer ein i slike situasjonar? Dersom ein er meg, leverer ein oppgaava likevel, av di ein ikkje orkar tanken paa ei veke til med arbeid, saerleg naar det grip inn i paaskeferien, av di ein har andre oppgaaver aa skriva  - og ikkje minst, av di ein berre veit at ein kjem til aa utsetja det til neste helg likevel... Men kanskje eg berre er uambisioes. Skulle ikkje forundra meg det minste.

Il neige, il neige...

Det er snø i Montréal, og det er so fint å sjå på!

Eg kom over ei av dei gamle gjerelistene mine, og tenkte eg skulle posta henne her, for å bidra litt til intimitetstyranniet. Det er ganske artig å tenkja på at eg pla ha eit slikt tett program; dagane her er ganske annleis, rimeleg nok.

(Legg merke til at det står OK på so godt som alle punkta. Heh.)


Gjereliste veke 10

Måndag
  • Tog til Oslo kl 08.00 OK
  • Årsmøte i KMU og MiO kl 15.30 OK
  • Skriva lesarinnlegg til KK OK
  • Skriva ferdig utkast til leiartalen
  • Skriva tillegg til årsmeldinga OK
  • Spyrja Unn om:
  • - Å skriva til Mål og Makt OK
  • - SmiO og Mål og Makt-debatt OK
  • - Årsmelding OK
  • - Utsendingar til landsmøtet OK
  • Spyrja Olaug Nilssen om å skriva om Morgenbladet for Mål og Makt OK
  • Vaska klede OK

Tysdag

  • Undervising 8.15 til 12.00 OK
  • Laga eit fint oversyn over kurs eg vil ta i Montréal OK
  • Gå innom studieseksjonen og smiska OK
  • Henta lettre de recommandation utanfor kontoret til Marianne Hobæk Haff OK
  • Setja inn pengar på konto i Nordea OK
  • Møte i sumarleirnemnda Fredrikke kl 16.30 OK
  • Laga reiserekningar for målferd OK
  • Sentralstyremøte skrivarstova kl 18.30 OK

Onsdag
  • Undervising 12.00-14.00 OK
  • Få alle vedlegga til søknaden på plass, inkl. kopi av pass OK
  • Levera søknaden OK
  • Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
  • Middag med tante Marit på Eno 17.00 OK
  • Ringert på skrivarstova 18.30 OK
  • House M.D. 21.45 OK

Torsdag
  • Flow 08.00
  • Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
  • The Departed om kvelden? OK

Fredag
  • Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
  • Lesa på stoff i FRA 1101
  • Førebu skipingsmøte DNP OK

Laurdag
  • Vitja skipingsmøtet til DNP (?) OK
  • Skriva oppgåve i LIT 1302 OK

Sundag
  • Skriva oppgåve i LIT 1302 OK

Ikkje tilfeldig at fransk rimer på vansk(eleg)...

... men ein gjer no so godt ein kan.

No har eg vore i Montréal i to og ei halv veke. Før eg reiste, hadde eg lova å posta bilete, men eg har ikkje kamera. Det einaste eg har, er den telefonen som eg måtte kjøpa då eg kom, av di den eg hadde ikkje funka her borte, og eg har enno ikkje kome so langt som til å finna ut korleis eg kan leggja bilete derifrå ut på nettet. Hovudsakleg på grunn av latskap.

Nuhvel. Kva skal ein seia so langt?

Montréal er ein fin by. Og det seier eg utan å ha vore i gamlebyen, som er eitt av dei viktigaste turistmåla. Eg tek nokre få område om gangen, og det funkar so langt. Bydelen eg bur i, Outremont, gjev meg nok grunnlag til å koma med påstanden om byen generelt: Lange, låge husrekkjer med snirklete trapper på utsida, små grøne lunger overalt, beine gater av typen du har sett på amerikanske filmar. Og i parken rett utanfor huset mitt ligg eit symjebasseng. Slå den.

Livet på universitetet minner mykje om livet på Blindern, noko som sjølvsagt er fint. Ein stor skilnad: Alle førelesingane mine varer i tre timar. So har ein vel minst to pausar? Hå nei, du. Ein lyt pent sitja og høyra på professoren i halvannan time i strekk før ein får 10-15 minutt til å gå på do og kjøpa kaffi. Eg fattar ikkje korleis dei 45 minutt lange øktene på UiO nokon gong kan ha gjort meg trøytt...

Eg vil ikkje at dei innfødde skal snakka til meg på engelsk, noko fleire av dei er raske til å gjera om dei trur at du ikkje forstår, so eg latar som eg skjønar litt meir enn eg gjer.

Meg som skal spørja om noko: Comment est-ce que on fait... pour... øh...
Butikkperson/kontorperson/professor/etc: Argikjeorgrdohyrthoij, rophtjeårh, toijåsåojsjg.
Meg: Eh.. bon... oui? Oui. Øh. Merci.

Eller noko slikt. 

Misforstå meg rett: Eg likar språket, og eg tykkjer eg byrjar å få nokso godt grep på det etterkvart, ikkje berre skriftleg. Men å studera ting saman med franskspråklege studentar her, er noko heilt anna enn å ta grammatikk 1 heime, ja... Om det var nokon tvil.

So får me sjå om det kjem nokre fine bilete snart.

Kviser og klesvask

Eg trur at eg kanskje reagerer på jordbær. Dei siste dagane har eg fått uventa mange kviser, og det er ikkje fyrste gongen at slikt har hendt etter inntak av jordbær eller -syltety. Spørsmålet er om ikkje det er verd det. For å sitera bror min: Det er utruleg at noko som er so sunt kan vera so godt. (Han snakka rett nok om vassmelon, men det er absolutt gyldig i båe tilfella!)

Av ting eg ikkje likar å gjera, rangerer klesvask høgt, om enn etter oppvask. Det at at Maria i kveld såg ei rotte - to gonger! - i hjørnet attmed inngangen til vaskeriet, hjelper ikkje akkurat. Blærk. Ein ting eg derimot har funne ut at eg likar, er å trena ofte, helst fleire gonger i veka. (Høyrest meir imponerande ut enn det er, i grunnen.)  På same måten som med jordbæra og kvisene, vert ein nøydd til å ta det kjipe med det gode, av di trening = klesvask. Akkurat som trøytt og sløv hjerne = kvasifilosofi.

Om nøyaktig ein månad reiser eg til Canada.

Ja, no er det over, gitt...

Sidan sist laurdag er eg ikkje lenger leiar i målungdomen, berre ein vanleg medlem. Endeleg kan eg vera so usakleg eg berre vil på denne vloggen. Yes!

Nynorsk er best!
Bokmål gjev byllepest!

Skriv du ikkje "ikkje"
ender du som mat for bikkje!


Ålvorleg tala: Det har vore særs spennande og lærerikt å vera leiar i NMU. Det er verkeleg ein fin organisasjon, som eg er veldig glad i. Men no er det på tide med nye utfordringar, både for meg og for dei som har teke over målungdomen.

Eg skal:
- reisa til det bokstavleg tala store utlandet og læra meg flytande canadisk-fransk.
- deretter skaffa meg ein universitetsgrad eller to.

NMU skal:
- gje bank til skurkane som hindrar nynorskelevane i å få bøkene sine.
- deretter snu målstoda i Noreg.

Det er fint å høyra på planane Jens og resten av sentralstyret har for hausten. So lenge NMU har ivrige og flinke folk som kan ta i eit tak, ser det slett ikkje myrkt ut for nynorsken.



Kva hender i nynorskens skog?

Jadda, jadda, eg veit eg er ein dårleg bloggar. Ikkje oppdaterer eg ofte, og ikkje kjem eg med grundige og skarpsindige analysar av situasjonen i Midtausten og oppslutninga om Frp. Men eg freistar å skjerpa meg. Til dømes har eg, som de sikkert legg merke til, endra utsjånaden på vevloggen, og gjeve han eit litt ljosare og meir optimistisk preg.

Det trengst. Som overskrifta hintar om, hender det saker & ting i nynorskverda for tida. Diverre er mykje av det direkte dårleg. Dei fleste har sikkert fått med seg det famøse utspelet til Erling Lae om å få den obligatoriske nynorsken ut av osloskulane. Mannen er veldig glad i nynorsk, hevdar han sjølv. Det må vera difor han ikkje vil at skuleelevane i Oslo skal læra han.

(Sjølv vart eg ein gong skulda for noko liknande, av ein fyr i Nationen som meinte at eg ville ha språket mitt for meg sjølv etter at eg hadde kritisert ein målrørslehatande norsklærar i eit lesarbrev. Ja, det var akkurat so fornuftig som det høyrest ut.)

Noko som er endå verre enn dette tulleframlegget (om mogleg), er at IKKJE I ÅR HELLER kjem alle læremidla på nynorsk. Det er heilt utruleg. Utdanningsdirektoratet har heile tida nekta for at problemet er stort, og so syner det seg at 150 titlar eller deromkring berre kjem på bokmål. Tanken gjer meg meir trist, lei og oppgjeven enn eg har ord for. Kva hjelper det med fine ord om å styrkja nynorsken si stilling i samfunnet og gjera alle nordmenn tospråklege, når staten sjølv motarbeider oss? Det er handling me treng. Fine ord om nynorsken er målrørsla fullt i stand til å koma med sjølv.

Men det vert sagt at for kvar stengt dør opnar det seg eit vindauge, og heldigvis hender det fine ting òg. Dette, til dømes.

Ein annan fin ting, er at sumarleiren til NMU nærmar seg. Det vert etter alt å døma ein veldig bra leir. Det vonar eg i alle fall, sidan det vert den siste målungdomstilskipinga mi på svært lenge.

Tenk at to år kan gå so fort og so seint på ein gong! I august 2005 tok eg til som leiar i målungdomen. So mykje har hendt sidan, og likevel hugsar eg godt kor spennande det var. Eg skulle likt å vita kor mange sentralstyremøte eg har vore på i alt (som nestleiar òg). Veit ikkje om eg gidd å telja, men det vert ein del timar til saman.

Eg lurte litt på om eg skulle laga ei liste over dei fem mest minneverdige hendingane frå tida mi som NMU-leiar, men i so fall lyt det venta tre veker til. Det kan jo henda at sumarleiren fortener ein plass på lista, og det er aldri bra å føregripa hendingar, som det so fint heiter.



Oppdatering

Eg har fått passet mitt påskrive av di denne vloggen har stått uoppdatert ei stund. Sidan eg er so himla effektiv og handlekraftig for tida (for ikkje å snakka om «proaktiv»), nyttar eg no høvet til å ta tak i problemet, og presenterer med dette ei liste over ting eg har gjort sidan sist innlegg:

* Selt is på Øyafestivalen for å tena pengar til NMU og for å gå på Morrisseykonsert om torsdagen. Det siste var sjølvsagt heilt fantastisk, særleg sidan eg har fått inntrykk av at konserten i Oslo i april (den eg gjekk glipp av) eigentleg ikkje baud på dei store høgdepunkta  (medan her fekk me både "Panic" og "How soon is now". Hah!)

*Byrja å arbeida i kaffibutikk, og mellom anna lært å laga cappuccino

*Vore i Stavanger i samband med det kule lokallagskurset til NMU, som dei like kule Målsiddisane skipa til, og  diverre vorte forkjøla samstundes (men berre sveklingar let seg stogga av slikt)

*Hatt Odin buande ei veke medan han venta på hybel. Det var koseleg, men litt urovekkjande då han forsvann i over eitt døger av di han var innelåst på informatikkbygget i 26 timar (sjå heimesida hans for den fulle historia)

*Teke til å studera fransk, et il y a beaucoup de travail...

Lista kunne sjølvsagt vore gjort lenger, men det hadde vorte for slitsamt både for meg og dykk.


Leigebil og anna artig

Sumarleiren i NMU er over. Og for ein leir det vart! Dei som ikkje var der, kan berre vri seg i anger og frustrasjon over at dei har gått glipp av den beste veka i sumar, som det stod på innbedinga.


Men det finst somme praktiske ting som må til for at ein sumarleir skal verta bra. Leigebil er ein av dei. I løpet av den tida eg har site i sentralstyret, har eg opplevd nok av leigebilhistorier. Som den gongen me måtte bryta opp bensinloket etter ein vinterleir (då følte me oss skikkeleg tøffe). Eller som ved landsmøtet i år, då bilen me hadde leigd var for liten, slik at a) me måtte leiga ein ekstra bil, der b) bremsene svikta i Bamble, slik at c) me måtte få ein erstatningsbil, som d) stogga etter 200 meter då han skulle køyrast heim frå Lista.


Bilen me hadde denne gongen, tilhøyrde eit lite firma som skal få lov til å vera anonyme, sidan dei synte seg å vera temmeleg surrete. Fyrst ringte dei Elisabeth tredje juni for å spyrja kvar det vart av oss, trass i at ho hadde poengtert at leiren vår var i juli. Det ordna seg nok, og me avtala å henta bilen om ettermiddagen 3. juli. Tidspunktet vart slakta på eit sentralstyremøte, og endra til 09.00 etter avtale med mannen som tok telefonen hjå leigebilfirmaet.


Dagen kjem. Ola og eg stiller trufast opp ni om morgonen for å henta bilen. Mannen på kontoret ser rart på oss: «Dere skal ikke hente bilen før klokka fire!». Etter litt høyr-no-her-kundeglefsing, må mannen orsaka, men seier han ikkje kan gjera noko med at bilen er utleigd fram til tre om ettermiddagen. Han lovar rett nok å ringja so snart bilen kjem.


Etter ei kjapp rådslaging over ein kapitalistbrus, finn me ut at det luraste er å stikka til byen, slik at me vonleg kan få gjort ærend medan me ventar. Då T-banen er komen til Jernbanetorget, ringjer mannen.


Bilen syner seg å vera dieseldriven, stor som ein liten buss og ha ni sete, jamvel om det hadde vore plass til femten. Rett nok er han lovleg å køyra med førarkort klasse B, men let det seg gjera? Det finn eg snart ut. Eg manøvrerer tappert inn og ut av ring 3 i eit forsøk på å finna Storcash der me skal handla mat, medan Ola får veginstruksar frå skrivarstova på telefon. Til slutt finn me målet etter å ha gjort oss kjende med store delar av Groruddalen.


To og ein halv time seinare er me klåre til å forlata åstaden. Jamvel om me har handla nok til å store delar av bilen (og det seier ein del), manglar me framleis ein del eksotiske ingrediensar. Ola får køyra bilen, som er varm som eit trykkammer. Eg tenkjer med gru på all mjølka me har kjøpt.


Då me til slutt kjem til skrivarstova etter å ha handla brus og t-skjorter til aksjonistkurset og dessutan ete baguett på Storo (noko som redda humøret mitt, som normalt søkk i takt med blodsukkeret), er me styggjeleg etter skjema. Heldigvis sit det ikkje ein haug med sure sentralstyrefolk der og ventar. Dei er nemleg byen rundt for å skaffa datamaskin, programvare og dei matvarene me ikkje har fått tak i.


Bilen syner seg å vera super å køyra etter ein har vendt seg til han. Dei praktiske tinga på landsstyremøtet og sumarleiren går heilt greitt, og alle har det kjekt. Soga om bilen sluttar med at eg får ein telefon frå leigebilfirmaet midt under leiren, der dei lurer på når me skal levera bilen om sundagen. Me har jo leigd han fram til måndag, svarar eg. Det vert stilt i andre enden av røyret.


Nostalgia

Då eg var heime i påskeferien, kom eg over ein bunke gamle Starlet. Straks vart eg ført attende i tid (ikkje bokstavleg tala) til slutten av nittennittitalet, ei tid då både eg og dei fleste andre jenter på min alder las Starlet, Girls og Vi og Gutta. I motsetnad til dei to sistnemnde var Starlet temmeleg uskuldig, og inneheldt lesarbidrag, spørjespaltar (den beste av desse var «Oss i mellom», der Nina svara på spørsmål om alt frå tampongar til myrkeredsle til kjipe veninner), «Min mening», flauser, seriar og mykje meir. Seriane var moralsk oppbyggjande, og handla gjerne om jenter som vart svikne av kjærasten samstundes som dei fekk andre problem, men som ordna opp i livet sitt og traff ein ny gut på kjøpet.

Det utbreidde «merkepresset» er mykje diskutert i desse blada. Det var nemleg om å gjera å gå med klede av dei «rette» merka, oftast sportsklede av typen Adidas og Fila. Kanskje det var ein litt sunnare mote enn dagens gjennomseksualiserte, men han skapte minst like mykje sosiale skilje, av di slike klede slett ikkje er noko billege. Det var òg slik at du ikkje kunne gå i dei kulaste kleda om du ikkje var mellom dei kulaste folka.
Starlet-lesarane av 1998 er særs opptekne av slike problem, og gjev ofte uttrykk for sunne verdiar som at «det er hvordan folk ser ut inni som er viktig» og «gi blaffen i motepresset, våg å stå for den du er». Eg er samd, og har ofte lurt på korleis slikt press eigentleg oppstår, i og med at dei fleste ser ut til å meina at det er forkasteleg.

Problem av typen merkepresset har eg ikkje tenkt over på fleire år. Det same gjeld mange av popstjernene og tv-seriane som Starlet og dei andre blada skriv om. Dei er rett og slett ikkje relevante for dagens ungdom:

- Aaron Carter (litlebroren til Nick Carter frå BSB). Hadde store (?) schlagerar som «Crazy Little Party Girl» og «Crush On You». Trur ikkje me har høyrt meir frå han etter at han kom i stemmeskiftet.

- Backstreet Boys. Var du jente (eller gut) tidleg i tenåra på slutten av nittitalet, slapp du nok ikkje unna desse sjarmørane, og hitane deira: «Everybody», As Long As You Love Me» og «Quit Playing Games With My Heart». Ikkje lat som om du ikkje hugsar.

- Fresh Prince in Bel Air. Den serien som alle fylgde med på etter skuletid, etter Home & Away (som framleis går - ikkje at eg har tid til å sjå det) og Sunset Beach.

- Sway, eller Espen Lind som han kallar seg no. Like greitt, sidan dette er det eigentlege namnet hans. Det siste me høyrde til han, var at han stod bak Idol-songen «Standing tall» frå 2004. Elles inkje.

Fleire popkulturelle døme?  Eg er viss på at mange minne strøymer på dersom me set på ein Absolute Music frå denne tida...

(For ordens skuld må eg presisera at eg saknar korkje merkepresset eller Aaron Carter. Men det var artig å verta minna på at dei fanst.)





Nytt bilete

Jepp, folkens - rykande ferskt profilbilete, direkte frå Lista.

Eg har forresten laga ei liste over det  beste med organisasjonsarbeid, og freista å balansera denne opp mot det tilsvarande verste. Synspunkt og innspel vert tekne imot med takk.

Det beste med organisasjonsarbeid:

- Kjensla av at ein gjer noko meiningsfylt med livet sitt
- Det er lærerikt
- Ein vert kjend med mange supre folk
- Ein får vitja stader i landet vårt der ein elles aldri ville sett sin fot
- Ein får drikka mykje kaffi

Og det tilsvarande verste:

- I periodar med mykje stress og lite svevn risikerer ein å gå gjennom ei utriveleg personlegdomsendring
- Det går opp for ein kor mykje papir som eigentleg går med (moderne teknologi, du liksom)
- Ein lyt stundom vera høfleg mot folk som ein helst vil be ryka og reisa
- Ein må ta nattbuss når ein minst er klår for det
- Kaffien er ofte sur

Som me ser, er dei kjipaste tinga med å driva organisasjonsarbeid for blåbær å rekna mot alt det fantastiske ein får med seg. Utbytet er med andre ord enormt. So kva ventar de på? Opp frå sofaen og engasjer dykk!

Landsmøte

I morgon set me kursen for Lista, der NMU skal halda landsmøte på «den ytterste, nøgne ø». Eg er positiv til nake, forblåst rullesteinslandskap, og ser fram til å nytta ei helg på å leggja planar for komande arbeidsperiode, diskutera strategiar for målreisinga og treffa ferske lokallagsaktivistar.

Når eg er heime att på måndag, er eg truleg i stand til å svara på fylgjande: Lista - eit iskaldt, utriveleg mareritt eller naturskjønt paradis på jord? Fylg med.

Ting som skjer i hovudet mitt om natta

I natt drøymde eg at eg var med i ein episode av krimserien om Jack Frost, ispedd nokre element frå Da Vinci-koden og Donald.

Kvardagen min er kanskje ikkje så dramatisk, men draumane mine, derimot...!

Namnedropping

Dersom nokon meiner eg driv med skamlaus namnedropping i førre innlegg, har dei sjølvsagt heilt rett. Det er trass alt ikkje så ofte eg møter kjendisar.

Forresten kunne eg jo nemnt at eg sat tvers overfor Trond Giske, eller at eg nikka til Magnhild Meltveit Kleppa. Men eg har då litt skam i livet.

Hipp hurra for målrørsla

Det er fint å vera del av noko som er større enn ein sjølv!

Mållaget feira altså hundre år i helga, med jubileumsmottaking, jubileumsseminar, jubileumsøldrikking på Justisen, jubileumslandsrådsmøte og jubileumsnynorskbyvandring med Tron Øgrim. Det vart ei minnerik helg, og sidan eg har listemani, kjem eit utval av ting eg har gjort i helga:

- helst på kongen og kronprinsen (dei som enno ikkje har fått den fulle historia kan ta kontakt med meg eller med NMU-representant i mållagsstyret, Signhild Samuelsen, som var vitne til det heile)
- høyrt på spennande foredrag av Knut Kjelstadli m.fl. (og vorte litt flau over alle dei rare gamle mennene i mållaget)
- snakka om sunnfjordbunader med Heidi Grande Røys
- drukke øl med Olaug Nilssen, som heldt ein VELDIG fin tale fredag kveld
- sunge Nordmannen (målrørsla sitt namn på «Mellom bakkar og berg») saman med dei fleste andre på Justisen natt til laurdag
- vorte imponert over at 20-30 % av folk i Kristiania rekna seg som målfolk på byrjinga av 1900-talet
- nytta høvet til å takka Valgerd Svarstad Haugland for at ho har gjort mykje bra for nynorsken. Eg trur ho fekk høyra det fleire gonger, men ein til skadar ikkje

No gler eg meg til jubileumslandsmøtet!

Presisering

Det førre innlegget kunne kanskje gje inntrykk av at eg var veldig nervøs. Det er ikkje sant. Eg gler meg til å helsa på kongen og eta fingermat, men mest av alt gler eg meg til å høyra på festtalen til Olaug Nilssen.


Kongen og eg

I ettermiddag skal eg på høgtideleg mottaking i samband med 100-årsjubileet til Noregs Mållag. Det vert interessant. Eg skal mellom anna få helsa på kongen, og dette opnar for ein del nye problemstillingar:
Skal ein bukka, kniksa (bøya knea lett) eller neia skikkeleg, med eine foten bak den andre? Ein ikkje-namngjeven ven av meg, som interesserer seg for slike ting, meinte at når ein skulle helsa på kongen, skulle det gjerast skikkeleg - «reverens», trur eg han kalla det.
Spørsmålet er, ser det tilgjort ut? Kjem kongen til å tru at eg gjer narr av han? Og kva med kronprinsen? Han kjem rett etterpå.

Eigentleg er det mange andre folk eg har lyst å helsa på. Fornyingsminister Heidi Grande Røys, til dømes, eller forfattar Edvard Hoem. Men eg treng vel ikkje å neia for nokon av dei. Vonar eg.

Kvifor eg skriv nynorsk

Denne teksten skreiv eg til NMU-organet Motmæle då eg var 19 år og nyvald nestleiar (om lag samstundes som biletet på vloggen vart teke). Eg står framleis for innhaldet, men kanskje ikkje for heile rettskrivinga - dette var før eg tok til å vera konsekvent i val av y- og ø- former. Jaja.

Kvifor eg skriv nynorsk

Mange med nynorskbakgrunn har motstridande kjensler andsynes nynorsken. 
Er ikkje dette språket vanskeleg og gamaldags, sjølv om det er det eg har vakse opp med?
Kvifor skal eg skriva kjensle, byrgskap og orsak, når eg seier følelse, stoltheit og unnskyld?
Og når alle forstår og meistrar bokmål, kva er det då som bind meg til nynorsken, anna enn vanen og (kanskje) ein uforklårleg godhug?
 
Personleg følte eg det av og til slik då eg var yngre. Grunna ein oppvekst i nynorskklasse i Nordhordland, med målfolk til foreldre og fast abonnement på Norsk Barneblad, hadde det aldri vore noko spørsmål om kva mål eg skulle nytta. Sidan eg var ein unge som las mykje, både på nynorsk og bokmål, hadde eg eit avslappa tilhøve til språk generelt. Og eg visste godt at stolthet og byrgskap er det same.
Først då eg vart eldre, såg eg kor framand nynorsken var i dei fleste samanhengar. Same kor banalt det verkar, så har det mykje å seia for eins eigne oppfatningar kva språk ein ser nytta i blada ein les og i TV-seriane ein ser på. Det skapar haldningar andsynes kva som er normalt og ikkje, kva som er fint og ikkje, og kva som passar seg. Og sjølv om eg nok kjente inst inne at nynorsk var språket mitt, så var det nok av andre som ikkje hadde det slik.
 
Der eg er frå, har dei fleste nynorsk som hovudmål. Likevel skriv mange bokmål (eventuelt dialekt) utanfor skulen, til dømes når dei skriv brev eller søknader. Dei tykkjer også det er teit og pinleg med "skikkeleg gamaldags nynorsk", og vil helst ikkje identifiserast med Ivar Aasen og tilhengjarane hans; sjølv om dei fleste har fått med seg at denne karen gjorde ein eineståande innsats i å samla inn dialektar, ser dei ikkje noko som helst samband med sin eigen situasjon.
 
Men likevel finst det altså dei som går mot denne straumen, som er medvitne om språkstriden, som tykkjer at nynorsk er det rette målet og dessutan arbeider for at andre skal tykkja det same!
Unge menneske vel friviljug å identifisera seg med målrørsla og dette "gamaldagse" språket, fordi dei set det i samband med folkestyre og kulturelt mangfald. Å byggja eit skriftspråk på talemålet til folket er ikkje berre å verdsetja målføra som gode nok, det er også den mest demokratiske framgangsmåten, og den som i størst grad tek vare på lokale særtrekk.
 
Det var på den første målungdomssamlinga eg var på, Målstrid 2001, at eg verkeleg fekk opna auga for dette. Brått gjekk det opp for meg at utestenginga av nynorsken ikkje er tilfeldig, men har røter tilbake til den tida då det norske, "udanna" målet verkeleg var sett ned på; at når nynorsken i dag vert sett på som gamaldags og upassande, er det ei vidareføring av haldningane til dei rike, fine, dei som avgjer kva som er passande og ikkje, og kva språk som er mest normalt og verdfullt.
Det er heller ikkje slik at det er "meir naturleg" å nytta bokmålsnære ord, for språket er ikkje anna enn det me gjer det til.
Frå då av forsvann ambivalensen meir og meir til fordel for eit veksande medvit om kor mykje det er som bind meg til nynorsken.
 
Ei vanleg innvending mot nynorsken, er at han inneheld mange ord som "ikkje finst i dialekten min". Noko som for så vidt er sant, ettersom nynorsken byggjer på mange dialektar, og følgjeleg er nøydd å innehalda ord frå andre landsdelar! Det meiner eg er ein fordel, og ikkje ei ulempe. Ved å vera ein fellesnemnar for dialektar for heile landet, knyter språket oss saman, samstundes som han gjev rom for variasjonar og lokalt mangfald.
 
No har det seg slik at dialekten min liknar mykje på nynorsk, og dette har eg fått høyra nokre gonger etter at eg byrja på skule i Bergen: "Klart at det e' enkelt for deg, du som snakkar nynorsk..." Men om så ikkje var, ville eg likevel ha skrive nynorsk, fordi det står for demokrati og mangfald i ei verd der det vert mindre og mindre av båe delar. Og fordi det representerer talemålet til dei mange, ikkje til dei få. Og fordi det å følgja føredømet til Ivar Aasen, som brukte år på å gå landet rundt for å skapa dette fagre målet, gjer meg byrg!

Morrissey skal til byen!!


I alle fall ifylgje Dagbladet i dag. Den 6. april er datoen.Gjett om den kvelden vert møtefri!
Det stod rett nok at arrangørane mangla full stadfesting, men me kryssar fingrane. I verste fall, "no hope, no harm, just another false alarm"...

Endeleg!

No har eg òg skaffa meg ein vlogg (sjå mims.weblogg.no for nærare ordforklaring). Eg gler meg til å publisera mine personlege synspunkt på saker og ting, så vel som å fortelja om dei meir eller mindre interessante tinga som skjer i kvardagen min. Til dømes: I dag har eg

- drukke om lag fem koppar kaffi (mindre enn gjennomsnittet)
- ete fish & chips på Grønland (bydelen, ikkje øya)
- gjort ting i tilknyting til vervet mitt som leiar i nynorskungdomen
- oppdaga at nestleiaren i NMU har vlogg, vore vitne til at eit landsstyremedlem har laga vlogg, og til sist oppretta min eigen. Konstruktivt, vil eg seia.



juni 2008
ma ti on to fr
            1
2
3
4
5
6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30