Fobiar
I førre post oppmoda eg eventuelle lesarar om å koma med framlegg om kva eg skulle skriva om her på bloggen. Ola ville at eg skulle skriva om augo. Han presiserte ikkje nett kven sine auge det var snakk om, men eg trur kanskje han meinte auge sånn generelt.
Det er nemleg slik at eg tykkjer det meste som har med auge å gjera er veldig ekkelt. Når eg er hjå optikaren, klarar eg ikkje å sjå på plansjane på veggen som syner korleis auge er oppbygde. Dersom eg ser på ein film der det tilfeldigvis og utan åtvaring hender noko med augo til ein av personane, må eg slå av, eller i det minste sjå vekk til det er over. Og so bortetter.
Det eklaste er dersom det hender noko med båe augo. Eitt av dei er til å leva med, men båe... URGH. Eg klarar berre ikkje å tenkja på det. Det er SO EKKELT.
Somme andre ting lokkar fram om lag den same reaksjonen, som til dømes tanken på folk som får tunga skore av (uæh!) eller kjønnslemlesting av jenter (fyttihelvete!). Men av ein eller annan grunn er dette med auge det aller verste. Eg taklar det berre ikkje.
Eit døme: Kong Ødipus av Sofokles stod på pensum i eit emne eg tok på Blindern for nokre år sidan. Eg las aldri stykket, men eg kjende historia frå før, og førelesaren gjekk i detalj om det som hender på slutten. Det var so fælt at eg hugsar det enno.
Kven veit, kanskje eg berre lyt halda fram med å lesa gamle tragediar (Shakespeares Kong Lear har òg nokre augegreier, etter det eg hugsar) og freista å sjå fleire valdsfilmar, so vert eg herda til slutt. Men smalahovemiddag venner eg meg nok aldri til.
*Absurd innsidevits.
Eg òg vil
* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* ?Tagg? nokre folk og gje ære til vedkomande som ?tagga? deg.
Her er utdraget:
"Titus laughed harder and harder, until his sides ached. Gnaeus, trying to keep a scowl on his face, suddenly burst out laughing and lost his grip. Publius jerked free and rolled away."
Frå Roma - the novel of Ancient Rome av Steven Saylor. Utdraget handlar om tre gutungar som vert vener att etter ein slåstkamp. Ikkje smusslitteratur, med andre ord...
Elles går opphaldet mitt i Montréal mot slutten. Eg er veldig lei for at eg ikkje har skrive meir om det undervegs, men trøysta er at eg kan fortelja alt om det når eg kjem heim. :-)
Oppdatering: Nett i det eg har skrive dette, ser eg at Ola har tagga meg. Han har òg tagga Elisabeth alt, so no slepp i alle fall ikkje ho unna...!
Jolekviss!
Vonleg har ikkje den låge oppdateringsfrekvensen gjort at folk har slutta heilt med å vitja denne vevloggen. Eg vonar at i alle fall somme vil ta utfordringa.
(Av målpolitiske årsaker er alle bokmålsord omsett.)
JOLEKVISS ÅR II
1. Kven har forheksa Narnia slik at det alltid er vinter der, men aldri jol?
a) Heksa Kvit
b) Voldemort
c) Shai'tan
2. Kva er "jol" på fransk?
a) Navide
b) Noël
c) Messe du Christ
3. Kva heiter dei tre brørne som feirar jol ilag på Neshov for fyrste gong på årevis?
a) Torgeir, Jens og Erlend
b) Erlend, Tor og Margido
c) Tor, Mogens og Krumme
4. Kvar i Bibelen finn ein joleevangeliet?
a) Hjå Lukas
b) Hjå Matteus
c) Hjå Markus
5. Kva heiter "skurken" i barne-TV-klassikaren Pernille og stjerna?
a) Mr. Black
b) Mr. Nelson
c) Dr. D. Vider
6. Kven var den fyrste til å gjera songen Santa Baby kjend?
a) Ella Fitzgerald
b) Madonna
c) Eartha Kitt
7. Kven har skrive A Christmas Carol?
a) Wilkie Collins
b) Jane Austen
c) Charles Dickens
8. Kva for ein diktar står bak teksten til Det lyser i stille grender?
a) Anders Hovden
b) Olaug Nilssen
c) Jakob Sande
9. Kva for ei av desse Sherlock Holmes-forteljingane går føre seg i jola?
a) The Hound of the Baskervilles
b) The Blue Carbuncle
c) A Scandal in Bohemia
10. Kva har Karl-Bertil Jonsson gjort, sidan far hans er sint på han?
a) Han har røykt hasj
b) Han har gjeve vekk rike folk sine jolegåver
c) Han har skifta hovudmål til nynorsk
Lukke til!
Harry! Luna! God film!
No har eg endeleg fått sett den femte Harry Potter-filmen, og eg føler stor og ekte ærefrykt for regissøren. Tenk at han klarte å laga ein Potterfilm som eg ikkje berre godtok, men faktisk likte. Det har ikkje hendt før.
Jepp, eg er av den typen som er særs kravstor når bøker eg likar vert filma. Filmatiseringane av HP har vore blanda drops so langt. Dei fyrste to var OK, men gjorde lite inntrykk. Den tredje skuffa meg heilt enormt. Fallhøgda var rett nok stor, av di Harry Potter and the Prisoner of Azkaban alltid har vore favorittboka mi i serien (og er det framleis), og av di filmen fekk mykje skryt for å vera "den myrkaste HP-filmen so langt" osb. Men sovidt eg hugsar var 3-aren både rotete og usamanhengjande, og lite oppklarande. For folk som ikkje har lese boka må han ha vore ei forvirrande affære. ("Kvar kom det kartet frå?" "Kven er den rottemannen?" "Kvifor kosar læraren til Harry med den rømte galningen?")
Nei, då var det noko anna med denne filmen. Stilig klipping, skummel stemning, og faktisk ei samanhengjande fortald historie. Alt som vart introdusert hadde ei plass i forteljinga, alle trådar vart samla. Særs bra.
Dolores Umbridge var perfekt i all den rosa vondskapen sin. Tonks var gjennomført søt, tøff og sjarmerande. Helena Bonham-Carter gjorde sjølvsagt ein strålande innsats som den klin sprø og vondskapsfulle Bellatrix Lestrange. Hermione hadde overlete dei rosa kleda sine til Umbridge, og framstod i staden meir som ho gjer i bøkene: Ei handlekraftig og sjefete, superintelligent frøken som har viktigare ting å tenkja på enn korleis ho ser ut.
Ja, og so Luna Lovegood. Ho var strålande. Eg er viss på at dei som laga filmen er samde med meg i at ho ville vore ein super kjærast for Harry, om han hadde hatt vit til å innsjå det. På eitt tidspunkt stod dei til og med og heldt hender. Det var so søtt at eg nesten fekk tårer i auga.
Sjølvsagt var ikkje filmen perfekt. Det var for lite Remus Lupin, for lite Severus Snape og berre akkurat sovidt nok Sirius Black. Sistnemnde var litt for sprø etter mi meining. Greitt nok at han saknar bestevenen sin og at han er litt ubalansert, men at han tok Harry for å vera far sin? Ærleg tala. Og kvifor gjekk han i noko som såg ut som ein slåbrok på togstasjonen?
Men eg likte at Cho Chang var den som enda opp med å sladra på den hemmelege kamptreninga til Harry og dei. (I boka er det den sleipe veninna hennar som gjer det.) Litt romantisk drama skadar aldri. Hehe.
Me såg ikkje mykje til Draco Malfoy i denne filmen. I motsetnad til ein del andre, var eg glad til (jamvel om skodespelaren verkeleg er vorten ganske heit). Malfoy er ein blautfisk og ein dust. Eg kjem forresten ikkje over kor mykje far hans liknar på skogalven Haldir i filmatiseringa av "The Fellowship of the Ring".
Nye-Dumbledore irriterte meg ikkje slik han gjorde i den førre filmen. Heldigvis, sidan eg er vorten litt av ein Dumbledore-fan etter bok 7. Før det var eg nokso likesæl til han, men no er han interessant. Gjett om det vert tøft i neste film, når han og Harry skal ut for å grava i Voldemort si fortid!
Konklusjon: Dersom dei same folka skal filmatisera "Harry Potter and the Half-Blood Prince", gler eg meg slik eg aldri har gledd meg til ein Potterfilm før. Oioioi.
To veker att til det største nerdehysteriet nokon gong bryt laus!
Darth Vader på lesesalen
Ljoden av forkjøla og tungpusta folk, til dømes. Dei må jo lesa til eksamen dei òg, stakkars, men verkeleg: Når ein fyrst vert merksam på at personen til høgre sit og inhalerer ffffffffffffp - pffffffff, iblanda eitt og anna SNORT, om og om att, vert det straks vanskelegare å konsentrera seg om infinitte konstruksjonar og konjunktiv, eller kva ein no held på med. Kanskje er øyreproppar ein god idé likevel.
TV Norge gjer meg opprørt
Men over til noko anna: Eg må få ut dette ut av systemet mitt. Og om det eg kjem til å skriva no kan verka intolerant eller fordømande er ikkje det meininga. Eg tykkjer sjølvsagt at folk må leva livet slik dei vil, og er dei lukkelege, er ingenting betre enn det. Det er berre so utruleg forstyrrande når problematiske ting vert framstilt på ein harmoniserande og/eller normaliserande måte.
Eg snakkar om ein dokumentar eg såg på TV Norge i går som handla om seksuallivet til feite folk. Og då snakkar me ikkje om normalt runde/lubne/tjukke personar, men om folk som leid av 200-kilos overvekt. Dei hadde intervjua fire-fem sjukeleg overvektige folk og partnarane deira. Dei fleste var saman med nokon som var (mykje) tynnare enn dei sjølve. Bortsett frå èi dame, som opplevde fedmen sin som eit hinder for å leva det livet ho ynskte seg, var alle særs fornøgde slik dei hadde det. Partnarane ikkje minst.
Bortsett frå å slå inn nokre opne dører (kommentatoren tok opp att fleire gonger at "overvektige har akkurat de samme fysiske behov som andre" - nei, seier du det, du?), var dokumentaren oppteken av korleis desse personane fornekta idealet om at ein må vera slank for å vera sexy, eit ideal som overser det faktumet at 20 % av verdas befolking er overvektige . Alt her er det noko som skurrar. Dei fleste som ikkje er sjukeleg fikserte på slanking og kropp, veit at tjukke personar kan vera pene. Mange likar at kjærasten deira har litt kjøt på beina. Men det er stor skilnad på å vega 10 og 200 kilo for mykje. Det fyrste er ganske normalt, det siste er sjukeleg, og ikkje representativt for 20 % av folket i verda.
Det var tydeleg at intervjuobjekta ikkje klarte seg sjølve. Èin sat i rullestol, èi kunne berre stå oppreist i nokre få minutt av gangen, èi hadde ikkje vore ute av huset på årevis. Fedmen deira hindra dei altso i å leva eit normalt liv. Men seksuallivet deira var i det minste intakt. Tre av fem hadde partnarar som var sokalla "Fat admirers". Dei tykte handicappet var sexy.
Og dèt tykkjer eg er nokso guffent. Tenk om ein tilsvarande dokumentar hadde vorte laga om nokon som var lam og som kunne verta frisk, men som motsette seg dette av di kjærasten likte at ho ikkje kunne røra seg?! Eg trur mange hadde vorte sjokkerte over eit slikt forhold. Her er det meir som om "dei feite bør vera glade for at nokon vil ha dei slik dei er".
Problemet mitt er ikkje estetisk, det er moralsk. Det handlar om råderetten over sitt eige liv. Eg tykkjer at det er djupt problematisk å glorifisera forhold der den eine parten er hjelpelaus og avhengig av den andre, som er frisk, rask og har full kontroll, og at denne dokumentaren gjekk litt for langt i å gjera nettopp dette.
Eg kan ikkje skjøna anna enn at den dokumentaren må fungera deprimerande på overvektige folk. I beste fall signaliserer han at "det gjer ingenting om du er sjukeleg feit og ikkje klarer deg sjølv, for det finst folk som tykkjer det er tiltrekkande, og det må då vera ei trøyst?". I verste fall set han alle overvektige i same bås ved å framstella desse folka som representative på eit eller anna vis. At ein kan vera "sexy utan å vera syltynn" er ikkje noko nytt. Men fedme på dette nivået handlar ikkje om kva som er attraktivt eller ikkje, det handlar om kva som er helseskadeleg. Dersom produsentane ville laga ein dokumentar om overvektige folk som var både attraktive og lukkelege, var dei nøydde til å ty til slike ekstreme tilstandar? Hjelpe meg.
Charles og Camilla: Ei kjærleikshistorie
Ja, dei var utru mot ektefellane sine. Ja, tilhøvet deira førte til mykje vondt for Diana. Nei, dei oppførte seg ikkje alltid so sympatisk. Og jamvel om britane er mindre negative til forholdet enn dei var før, er det visstnok mange som finn dette vanskeleg å svelgja.
Men: Alle som har lese eller sett Brokeback Mountain, veit at Ennis og Jack var utru mot konene sine og gjorde dei ulukkelege. Kjærleikshistoria vert ikkje mindre gripande eller trist av den grunn. Tvert om, det at dei elskande ikkje får einannan, og at det får fæle fylgjer for alle, gjer tragedien endå større.
Heldigvis for Charles og Camilla fekk historia om dei ein lukkeleg utgang, trass i alt det vonde dei sjølve og andre måtte oppleva før den tid. Difor synest eg folk i Storbritannia bør vera litt meir overberande mot dei, om ikkje anna av di dei er eit levande prov på at kjærleik er i stand til å overvinna alt.
Bibelen og høgnorsk
Er nett ferdig med obligatorisk kvalifiseringsoppgåve i LIT1302, som gjekk ut på å analysera novella "Studenten" av Tsjekhov. Det var i grunnen ei spanande oppgåve, som mellom anna førte til at eg laut konsultera Bibelen (forteljinga om då Peter fornekta Jesus natt til langfredag er svært viktig i novella). Det er det lenge sidan eg har gjort.
Ein gong eg får tid, skal eg lesa heile Bibelen. Eg trur eg freista for ein del år sidan, men so gjekk eg trøytt av alle ættetavlene i det gamle testamentet... Det er ei fascinerande bok, òg dersom ein ikkje trur på det ho forkynner. Dessutan er det å ha kjennskap til Bibelen viktig for å forstå kulturhistoria, for ikkje å snakka om alle dei litterære referansane ein møter. Eg har lyst til å lesa Koranen òg. Finst han på nynorsk?
Dersom eg skal gjera eit avvik frå mantraet om at "alle språk passar like godt til alt", so trur eg høgnorsk er særs godt eigna til trugande utsegner:
"[D]å skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,
og hogga han sund og lata han få sin lut i lag med hyklarane, der dei græt og skjer tenner." (Matteus 24, 50-51)
"Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine, og eg vil halda dom hjå deg og spreida alt som vert att hjå deg, for alle vindar." (Esekiel 5, 10)
"Eg vil lata alle riki på jordi fara ille med dei, so dei skal lida vondt, og eg vil gjera dei til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei forbanning på alle dei stader som eg driv dei burt til." (Jeremias 24, 9)
L?enfer, c?est les autres*
Eg lurer på om eg er asosial. I det minste på Blindern.
Den normale studenten går nemleg heim når klokka nærmar seg fem. Ikkje eg. Det er favorittida mi for å sitja på HF-biblioteket, når det er myrkt ute og stille inne, med rekkjer og rekkjer av tomme lesesalplassar, berre med nokre få bokormar spreidd her og der, bøygde over pensum.
Tidlegare på dagen, kring tolv-eitt, er det andre tilstandar som rår. Ein krinsar som ein åtselfugl rundt på speiding etter ein ledig plass, helst ein der det er litt avstand til naboane, slik at ein slepp å be dei om å flytta ranselen og jakka dei har slengt ved sidan av seg, noko dei gjer med motviljuge sukk.
Og jamvel om det aldri er heilt stille midt på dagen, med folk som går til og frå, rasling frå skrivehefte og ei og anna piping frå nokon som har gløymd å setja mobilen på ljodlaus, er det likevel då ein risikerer å få flest stygge blikk dersom ein er so uheldig å ha på seg Converse-sko med solar som knirkar mot linoleumen etter å ha vore brukt i slapsevêret.
Med mange folk kring seg, er det vanskelegare å slappa av. Eg tek til å uroa meg for om eg slurpar når eg drikk kaffi, om eg snufsar for høgt (det er ok å vera forkjøla, men ikkje å vera indiskret), om eg bråkar for mykje når eg leitar gjennom bunkane med papir som stadig hopar seg opp og må setjast i permar.
Nei, folketome rom er best – i det minste når ein berre har seg sjølv, tre-fire tjukke pensumbøker og eit notathefte å tenkja på.
* ”Helvete er dei andre” (Sartre). Litt overdriven tittel, kanskje, men tøff.
Gratis studentting
Å få ting gratis er ei glede ein aldri veks frå. Sjølv eg, miljømoralist som eg er, tykkjer det er stas å få gratis mat på flyet, jamvel om eg grøssar ved tanken på alt eingongsbestikket og all maten som vert kasta (som om ikkje flyreiser var forureinande nok). Og når NMU har søkt Toro om sponsing, og me får tjue kassar med spansk gryterett, er det frykteleg stas.
Kanskje ingen nye og revolusjonerande innsikter i dette innlegget, men det får våga seg. No skal eg ut og skaffa meg ein pose fullt av gratis stæsj.
Konsentrasjonsvanskar
Legar utan grenser har laga eit opprop mot at patentar skal vera viktigare enn menneskeliv som eg oppmodar alle som les dette til å skriva under på.
sidan eg stadig vekk tek meg sjølv i å lesa e-post eller
Klassekampen formidlar synet om at striden mellom Gerd-Liv Valla og Ingunn Yssen kan skuldast ulikt syn på EU. Eg trur det må liggja meir bak, jamvel om ingen av oss vanlege folk utanfor LO veit kven som er skurken her (eg har rett nok vondt for å tru at Valla skulle mobba Yssen for å vera gravid). Det er i alle fall ikkje kvardagskost at kjende personar går i strupen på andre kjende personar på den måten, jamvel om Eli Hagen har diska opp med både det eine og det andre i boka si.
nyhende på nett, når eg ikkje sjekkar viktige ting
I morgon 8.15 byrjar semesteret for min del. Før det må eg på eit eller anna tidspunkt få lese kapitelet om "Førromantiken och nyklassicismen", som står på pensum i eitt av emna eg skal ta til våren.
som gjeld studia mine.
Nei. Kanskje best å hiva seg over frepparane, sosialdemokratane og kommunistane før det er for seint.
Jolerelatert kviss
JOLERELATERT KVISS
1. Kva heiter Jolenissen på dansk?
a) Julemanden
b) Julenissen
c) Hr. Juul
2. Kven, i fylgje joleevangeliet, var det som lova Gud og kvad?
a) Maria
b) Englane
c) Herodes
3. Kven skreiv teksten til ”Joleklokkor yver jordi”?
a) Elias Blix
b) Anders Hovden
c) Olga Meyer
4. Kvar feirar Harry Potter jol i den sjette boka?
a) Hjå familien Dursley
b) På skulen
c) Hjå familien Weasley
5. Kva heiter hovudpersonen i ”Julemysteriet” av Jostein Gaarder?
a) Elisabet
b) Joakim
c) Hans Thomas
6. I songen ”Fairytale of New York” vert det fortald om nokon som syng ”Galway Bay”. Kven?
a) Gutane i politikoret
b) Fyllikane på hjørnet
c) Frank Sinatra
7. I kva for eitt av desse Ibsenstykka er handlinga lagt til jola?
a) Hedda Gabler
b) Når vi døde vågner
c) Et dukkehjem
8. Kva for ein britisk komi-figur endar i ein sketsj opp med å setja hovudet fast i kalkunen?
a) Patsy i ”Absolutt fabelaktig”
b) Vicky Pollard i ”Little Britain”
c) Mr. Bean
9. Kva farge var det på jolekorta til Norsk Målungdom i år?
a) Raud
b) Grøn
c) Rosa
10. Kva et Jokke og foreldra hans (i teikneserien Pondus) på jolaftan?
a) Pannekaker
b) Grandiosa
c) Tikka Masala
Litt om Stavanger
No har eg vore ei veke på målferd i Rogaland, hovudsakleg i oljebyen. Eg har alltid likt Stavanger, og har ikkje slutta med det, jamvel om eg hadde forventa litt finare vêr når eg fyrst var der. Jaja.
Sidan eg fekk bu hjå Vebjørn og familien heile veka, hadde eg stort sett god tid og rolege dagar. Dermed fekk eg mellom anna inspisert UiS (dom: Nytt og fint, med god kaffi, men minus for manglande universitetsbibliotek), vore med på kvissen til Stavanger Mållag (og vunne jubileumskruset til Noregs Mållag) og vitja biblioteket.
Her kjem ei kort liste over ting ein kan seia for å erta dei innfødde:
- Er du frå Sandnes?
- Kva heiter fotballaget her no att - Bryne?
- Kvar er eigentleg byen? (Når du står mellom Breiavatnet og Vågen)
- Stavanger Aftenblad burde lovfest ein nynorskkvote på minst seksti prosent.
- Kven er Tore Renberg?
Indrebøkoden
Dersom nokon får lyst til å skriva ein tidsriktig, forrykande konspirasjonsthriller med handling frå norskdomsrørsla, har eg fylgjande framlegg til plott:
Noreg er styrt av det mektige Bokmålsveldet. Gjennom skuleverk og media har dei indoktrinert borgarane til å tru på lygnene deira, so som at målstriden er daud, at bokmålet er det ekte norske språket osb. Men det finst eit hemmeleg brorskap som har vakta sanninga i over hundre år! No er dei i fare, av di ein av dei mest fanatiske organisasjonane i Bokmålsveldet – lat oss kalla dei Opus Jeg – er på sporet av den mest heilage løyndomen av dei alle, den som er sjølve livsnerven i kampen for Sanninga: Ivar Aasens ukjende etterkomarar!
At Ivar døydde barnlaus, er nemleg ei av lygnene planta av Bokmålsveldet. Etterkomarane hans lever den dag i dag under andre namn, og løyndomen deira er vakta av brorskapet. Dei har evnene til å fullføra Verket, om berre desse evnene vert henta fram. Men tida er knapp, for fienden er på sporet. Og sporet er mellom anna å finna i ”Kva er målreising” av Gustav Indrebø! Sjå opp for anagram, palindrom og andre måtar å gøyma bodskapen på.
No står det berre att å finna gode namn på heltane. Nokon som har gode framlegg? Straamannen?
Grand Prix og verdsfreden
Kanskje skal ein vera varsam med å leggja for mykje storpolitisk tyding i dette arrangementet, men eg må seia at GP er eit strålande døme på korleis fredeleg samarbeid mellom land kan arta seg. Når programleiarane helsar på kollegene sine kringom i Europa, gjerne på deira eige språk, og alle er venlege og joviale, vert eg glad inni meg. Eg tenkjer at GP er det ekte europeiske fredsprosjektet. Litt slik som idretten var meint å vera, utan doping.
Fyrst og fremst er sjølvsagt GP strålande underhaldning, ikkje minst dei hårreisande dårlege bidraga som årvisst dukkar opp, anten dei no er meint å pariodiera seg sjølv eller ikkje.
Eit bra program, særleg for dei av oss som likar nordisk samarbeid, er "Adresse Athen", eller kva det no heiter. Der får eit panel frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island sjå klipp frå bidraga, og deretter gjev dei poeng etter kven dei trur vinn. Alt går føre seg i gemyttlege (tøysete) former, med mykje "eitt poeng for parykken" og "to poeng - eg tykte so synd i dei". Eg såg ein episode eller to, og spesielt Island og Moldova stiller i hårreisarklassen, etter det eg hugsar...
Uæh
På bokmål kunne det vore eit stilig indianarnamn: «Svømmer med steinbit». Utvilsamt ei risikofylt, men unik oppleving.