Interaktivitet er det nye chic

Sidan eg alt har nytta metoden med å spørja eventuelle lesarar til råds, kan eg gjera det ein gong til.

Dette er stoda: Folk seier eg bør oppdatera denne bloggen oftare. Det kan eg jo vera samd i, men ofte er det litt vanskeleg å vita kva eg skal skriva om. Dagleglivet mitt er jo ikkje so interessant, og eg har korkje tid til eller ambisjonar om å verta ein sokalla politisk bloggar.

So folkens. Dersom du vil eg skal skriva meir her, kva bør eg skriva om? Framlegg er velkomne, so lenge dei kan plasserast i ein av desse to kategoriane: 1. Ting eg likar. 2. Ting eg ikkje likar.

Det er nemleg eit minstekrav at eg interesserer meg for det eg skal skriva om, anten det no er på ein positiv eller ein negativ måte.

(Forresten, veit nokon om det finst ein kuttfunksjon her? Eg vil gjerne leggja ut lengre tekstar, men det ser guffent ut om dei tek opp all plassen på framsida.)

Kommentarer:
Postet av: Ola

Masseproduksjon av bloggpostar? Nei, dette er for lettvint, Synnøve, skjerp deg.

06.jun.2008 @ 00:20
Postet av: Synnøve

Eh?

06.jun.2008 @ 00:34
Postet av: Ola

Eg hadde skrive ein vitugare kommentar i det fyrste av duplikatinnlegga dine. Men du tok berre vare på det siste. Kor som er: Eg vil at du skal skriva om augo. Det vert truleg ganske artig.

06.jun.2008 @ 17:11
URL: http://avsenius.wordpress.com
Postet av: Synnøve

Kven sine auge? Eller berre sånn generelt?

06.jun.2008 @ 19:54
Postet av: Odin / Velmont

Hmm. Eg skriv um dagleglivet mitt. Men eg brukar bloggen som ein huskerableplass. For eg elskar å lesa det um att når eg hev gløymd detaljar.

Diverre fær eg ikkje tid til å skriva alle dei små morsomme hendigane som skjer heile tidi; er so mykje anna å bruka tidi på :-)

07.jun.2008 @ 13:15
URL: http://www.velmont.net
Postet av: Synnøve

Odin: Eg kunne jo skrive om dagleglivet mitt, men eg trur det hadde vorte keisam lesnad.

Veit du forresten noko om den andre tingen eg lurte på? (Den med lange tekstar som kan skjulast slik at ikkje alt dukkar opp på framsida.)

08.jun.2008 @ 02:00

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/5916649