Leseliste

Slik det er no, har eg ein reklame- og bokmålinfisert blogg som eg berre hugsar å oppdatera med ujamne mellomrom. Eg kan gje han heilt opp, eller eg kan skjerpa meg og byrja å synsa slik tittelen lovar. Eg freistar det siste, og so får me sjå korleis det går.

Eitt av måla mine for sumaren er at eg skal få lese i alle fall tre av dei bøkene eg eig og som eg aldri har fått byrja på (eller, i nokre tilfelle, kome meg gjennom). Spørsmålet vert då: Kva bok skal eg ta til med? Eg er neimen ikkje sikker, overlet til deg som les dette å seia meininga di.

Nett no er eg heime, og dei uleste bøkene mine er i Oslo, men eg kjem i alle fall på tre kandidatar slik i farten:

Snytt av Susan Faludi.
(Ein feminist skriv om problema dei endra kjønnsrollene fører med seg for ein del amerikanske menn.)

Vampyr! av ?
(Eg hugsar ikkje kven som skreiv denne, men det er ei sakprosabok om vampyrar, slik tittelen hintar om.)

Mitt milde vesen av Brit Bildøen.
(Denne romanen skal vera veldig god, jamvel om eg ikkje hugsar heilt kva han handlar om.)

No kjem eg ikkje til å få byrja på nokre av desse bøkene før eg er attende i Oslo, men det er jo bra å ha ein plan. Tida får visa om eg er i stand til både å halda liv i bloggen og koma meg gjennom bokhylla...

Kommentarer:
Postet av: Ola

Eg tykkjer du skal lesa Mitt milde vesen om du lovar å halda liv i bloggen, og held det du lovar. Om du ikkje klarer å halda dette løftet, eller ikkje vil lova dette, tykkjer eg du skal lesa Vampyr!.

03.jun.2008 @ 19:00
Postet av: Synnøve

Hehe! Er vampyrane altso ei straff for det å vera ein dårleg bloggar?

03.jun.2008 @ 22:58
Postet av: Ola

Ja. So no er det opp til deg om du ynskjer å lesa nynorsk eller det som truleg er bokmål. Me veit vel båe kva som er best?

04.jun.2008 @ 11:18
Postet av: Synnøve

Sant, sant, to av bøkene er på bokmål. (Faludi-boka er omsett frå engelsk; eg kjøpte henne av di ho var på sal for nokre år sidan.) Når sant skal seiast, har eg ein tendens til å kopla ut alle målpolitiske baktankar so lenge boka er spennande.

04.jun.2008 @ 12:08
Postet av: Ragnhild

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine (du kan sikkert nok fransk til å lesa henne på originalspråket)
Alt av Brit Bildøen, td Landfastlykke. Mitt milde vesen er òg bra. Boka handlar om ei mor som sluttar å snakka til dottera si.
Ragnar Hovland: 1964 og Fredlaus

Det var det eg kom på i farta:-)

05.jun.2008 @ 21:40
URL: http://www.ragnhilda.blogspot.com
Postet av: Synnøve

Eg har alt lese Saman er ein mindre aleine, og likte henne godt. Vil gjerne lesa meir Hovland, men eg føler at eg bør koma gjennom fleire av dei bøkene som eg alt eig og som eg ikkje har lese, so no ser det ut til at det vert Bildøen og hennar milde vesen.:-)

05.jun.2008 @ 21:53
Postet av: Simon Hansen

Ei sakprosabok om vampyrar kan umogeleg vera straff, Ola. Med mindre det handlar om gotharar i storbyar. Då er det berre trist.

05.jun.2008 @ 23:42
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Heh. Nei, dette er ekte vampyrar.

06.jun.2008 @ 19:55

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/5911292