Eg òg vil

Jens, Ulrikke m.fl. har posta denne greia i løpet av dei siste dagane. Ingen har tagga meg, so eg gjer det sjølv. Hah. Dersom dei les dette, kan Ola og Elisabeth kjenna seg tagga.

* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* ?Tagg? nokre folk og gje ære til vedkomande som ?tagga? deg.

Her er utdraget:

"Titus laughed harder and harder, until his sides ached. Gnaeus, trying to keep a scowl on his face, suddenly burst out laughing and lost his grip. Publius jerked free and rolled away."

Frå Roma - the novel of Ancient Rome av Steven Saylor. Utdraget handlar om tre gutungar som vert vener att etter ein slåstkamp. Ikkje smusslitteratur, med andre ord...

Elles går opphaldet mitt i Montréal mot slutten. Eg er veldig lei for at eg ikkje har skrive meir om det undervegs, men trøysta er at eg kan fortelja alt om det når eg kjem heim. :-)

Oppdatering: Nett i det eg har skrive dette, ser eg at Ola har tagga meg. Han har òg tagga Elisabeth alt, so no slepp i alle fall ikkje ho unna...!

Kommentarer:
Postet av: Simon Hansen

Kva i?! Reklame i vevloggen din? På bokmål? Og som ikkje gjeng an å skjula? Huff.

23.mai.2008 @ 09:58
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Eg veit... Det er drit.

23.mai.2008 @ 18:04
Postet av: Reklamefrie Vebjørn

Wordpress er ljoset.

23.mai.2008 @ 22:05
URL: http://totlevase.net
Postet av: Synnøve

Kan vera, men det er so stress å skifta vevadresse. :-(

23.mai.2008 @ 23:05
Postet av: Simon Hansen

Når snur du nasen heimover?

25.mai.2008 @ 16:02
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Kom heim i går! :-P

26.mai.2008 @ 23:28

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/5884144