Ikkje tilfeldig at fransk rimer på vansk(eleg)...
... men ein gjer no so godt ein kan.
No har eg vore i Montréal i to og ei halv veke. Før eg reiste, hadde eg lova å posta bilete, men eg har ikkje kamera. Det einaste eg har, er den telefonen som eg måtte kjøpa då eg kom, av di den eg hadde ikkje funka her borte, og eg har enno ikkje kome so langt som til å finna ut korleis eg kan leggja bilete derifrå ut på nettet. Hovudsakleg på grunn av latskap.
Nuhvel. Kva skal ein seia so langt?
Montréal er ein fin by. Og det seier eg utan å ha vore i gamlebyen, som er eitt av dei viktigaste turistmåla. Eg tek nokre få område om gangen, og det funkar so langt. Bydelen eg bur i, Outremont, gjev meg nok grunnlag til å koma med påstanden om byen generelt: Lange, låge husrekkjer med snirklete trapper på utsida, små grøne lunger overalt, beine gater av typen du har sett på amerikanske filmar. Og i parken rett utanfor huset mitt ligg eit symjebasseng. Slå den.
Livet på universitetet minner mykje om livet på Blindern, noko som sjølvsagt er fint. Ein stor skilnad: Alle førelesingane mine varer i tre timar. So har ein vel minst to pausar? Hå nei, du. Ein lyt pent sitja og høyra på professoren i halvannan time i strekk før ein får 10-15 minutt til å gå på do og kjøpa kaffi. Eg fattar ikkje korleis dei 45 minutt lange øktene på UiO nokon gong kan ha gjort meg trøytt...
Eg vil ikkje at dei innfødde skal snakka til meg på engelsk, noko fleire av dei er raske til å gjera om dei trur at du ikkje forstår, so eg latar som eg skjønar litt meir enn eg gjer.
Meg som skal spørja om noko: Comment est-ce que on fait... pour... øh...
Butikkperson/kontorperson/professor/etc: Argikjeorgrdohyrthoij, rophtjeårh, toijåsåojsjg.
Meg: Eh.. bon... oui? Oui. Øh. Merci.
Eller noko slikt.
Misforstå meg rett: Eg likar språket, og eg tykkjer eg byrjar å få nokso godt grep på det etterkvart, ikkje berre skriftleg. Men å studera ting saman med franskspråklege studentar her, er noko heilt anna enn å ta grammatikk 1 heime, ja... Om det var nokon tvil.
So får me sjå om det kjem nokre fine bilete snart.

Kommentarer:
Postet av: Simon
Hei!
Står til der borte? Eg reknar med at nynorsk vert det tredje største språket i Kanada snart. Frå spøk til Halvor; eg vonar du har det kjekt.
Postet av: Synnøve
Takk!
Eg skal skriva meir, er berre lat og døll, og dårleg til å sjekka bloggen... Men har det fint, jamvel om eg nett no er sett litt ut pga kanadisk forkjøling. Ugh.
Postet av: Jens
I natt drøymde eg at du var i Oslo og svara på alle tinga eg lurte på. Det var veldig bra. Så vakna eg og forstod at du framleis var i indianarland. Der kor cowboyar og indiaaaaanarar bur.
Har du det fint?
Postet av: Synnøve
Hm, denne bloggen døyr sakte, ser det ut til... Eg har det fint, men det er i ferd med å verta skikkeleg kaldt no!
Men er det verkeleg so mange ting du lurer på? Ut frå det eg har lese på nettet, verkar det som ting går på skjener:-)
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5524934