Kviser og klesvask
Av ting eg ikkje likar å gjera, rangerer klesvask høgt, om enn etter oppvask. Det at at Maria i kveld såg ei rotte - to gonger! - i hjørnet attmed inngangen til vaskeriet, hjelper ikkje akkurat. Blærk. Ein ting eg derimot har funne ut at eg likar, er å trena ofte, helst fleire gonger i veka. (Høyrest meir imponerande ut enn det er, i grunnen.) På same måten som med jordbæra og kvisene, vert ein nøydd til å ta det kjipe med det gode, av di trening = klesvask. Akkurat som trøytt og sløv hjerne = kvasifilosofi.
Om nøyaktig ein månad reiser eg til Canada.
Eg tenkte berre eg skulle påpeika at eg har lagt deg til på koplingslista i den rykande ferske bloggen min:]
(faktisk så rykande fersk at det ikkje står noko der, enda)
Jordbær? Godt? Hadde du sagt det til meg for seks år sidan, så hadde eg kanskje vore samd, men no toler eg ikkje synet av bæra og langt mindre lukta og smaken! Fæl, ekkel, stygg, klissete, hårate, stinkande Fragaria-ekskrement. Nei, elles takk. Eg tek gjerne utslett føre jordbær. Men eit og anna har eg fått med meg som jordbærseljar/jordbærsjåfør: dei allergiske kundane eg har hatt ville helst ha bæra sine skikkeleg raude, nesten overmodne. Dei reagerer mindre på henne då.
Men fy og spy så ekkel jordbæra er!
Kvasifilosofi høyrest kult ut å lesa. Skaff deg sløv og trøytt hjerne og skriv.
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5488599