Ja, no er det over, gitt...
Sidan sist laurdag er eg ikkje lenger leiar i målungdomen, berre ein vanleg medlem. Endeleg kan eg vera so usakleg eg berre vil på denne vloggen. Yes!
Nynorsk er best!
Bokmål gjev byllepest!
Skriv du ikkje "ikkje"
ender du som mat for bikkje!
Ålvorleg tala: Det har vore særs spennande og lærerikt å vera leiar i NMU. Det er verkeleg ein fin organisasjon, som eg er veldig glad i. Men no er det på tide med nye utfordringar, både for meg og for dei som har teke over målungdomen.
Eg skal:
- reisa til det bokstavleg tala store utlandet og læra meg flytande canadisk-fransk.
- deretter skaffa meg ein universitetsgrad eller to.
NMU skal:
- gje bank til skurkane som hindrar nynorskelevane i å få bøkene sine.
- deretter snu målstoda i Noreg.
Det er fint å høyra på planane Jens og resten av sentralstyret har for hausten. So lenge NMU har ivrige og flinke folk som kan ta i eit tak, ser det slett ikkje myrkt ut for nynorsken.

Kommentarer:
Postet av: Jens
Eg tek det der som ein slags kompliment. Eller kommplemang, som det heiter. Takk for laget, og lukke til i det syndig kulturimperialistiske utlandet. Eller; det var vel vi som kulturimperialiserte dei fyrst, før dei kom attende og kulturimperialiserte oss.
I alle fall: Takk for laget, det var moro.
Postet av: Synnøve
Det var slik det var meint. Men du tek feil m.o.t. kulturimperialismen - mange nordmenn veit ikkje ein gong kva hovudstaden i Canada heiter, eller at fransk er offisielt språk i landet! Om kanadiarane har freista å kulturimperialisera oss (tøft ord, forresten), har dei gjort ein dårleg jobb...
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5484853
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5484853