To veker att til det største nerdehysteriet nokon gong bryt laus!

Medan me ventar: dette er ei fantastisk side.

Kommentarer:
Postet av: Simon

Eg ville tru ei Star Trek-samling var endå meir «nerdehysteri» enn Harry Potter. Såg forresten ein artig dokumentarfilm om ST-nerdar. Trekkies. Ein kar skraut veldig av ein årleg ST-festival på staden sin, og la entusiastisk ut om kor stor og gjæv festivalen var. «Og i fjor kom det ei jente!», sa han heilt til sist – utan teikn til ironi eller sarkasme i røysta…
Om ei veke bryt forresten det største nerdehysteriet i Europa nokon gong laus. Då kjem det tusenvis av stormtroppsoldatar, gullbikinikledde jenter (og eit par gullbikinikledde gutar, men det tykkjer eg er litt skummelt), jediriddarar og sithar til London. Mark Hammil kjem. Og Ian McDiarmid, som svært sjeldan gjev intervju eller deltek på slikt, kjem òg. Andre spennande gjestar er Billy Dee Williams, Anthony Daniels, Jeremy Bulloch (som var i Nidaros under Kosmorama, forresten), David Prowse og mange andre. Sjå meir om Celebration Europe på www.celebrationeurope.com. Det var i London NMU skulle hatt sommarleiren sin, veit du!
(Eg har nok tru på at òg Harry Potter-premiera kjem til å trekkja litt folk, men eg har ikkje tenkt å delta på henne.)

07.jul.2007 @ 11:34
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Som ein god Potter-fan tenkte eg på lanseringa av bok 7, og ikkje på den nye filmpremieren:-)
Star Trek har nok eit større nerdestempel enn HP, rett og slett av di sistnemnde er so populær. Eg vil likevel hevda at hardcore HP-fans kan slå ut kven som helst når det gjeld nerding. Alle nettsidene dedikert til å plukka frå einannan bøkene bokstav for bokstav, for å prova alt frå at Harry døyr i bok 7 til at han og Voldemort er seksuelt tiltrekte av einannan, tyder på det.
Gutar i gullbikini? Hmm...

08.jul.2007 @ 14:00
Postet av: Simon

ENDÅ ei bok som kjem?! Der ser du kor mykje eg følgjer med.
No har eg ikkje lese meir enn den fyrste og halve andre boka, så eg kan ikkje skryta så veldig mykje av å ha peiling på histora, men eg tykkjer det er heilt merkeleg at Potter moglegvis vert drepen til sist. For meg verker det som ei billig og simpel måte å avslutta serien på, og dimed trekkjer heile greia ned i søla. Har du sett filmen Clerks? Kevin Smith hadde ikkje røynsle som filmskapar då, og opphavleg skulle filmen enda med at det kom ein ranar inn i butikken og tok livet av Dante. I eit augeblink av sjølvinnsikt såg Smith at dette var litt dumt, og klippa bort heile den slutten. Å drepa protagonisten sin på slutten er ein litt for lettvint måte å runda av ei historie på, og vitnar om dårleg historieforteljing. Men igjen, eg har ikkje lese bøkene, så det er godt mogleg at det ikkje er nokon annan utveg.
Gullbikini: www.starwars.com/community/fun/caption/2007/06/caption20070619.html

08.jul.2007 @ 21:18
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Død eller ikkje død? Det er spørsmålet. Fansen er delt på midten, og sjølv veit eg ikkje kva eg skal tru. Dersom Harry Potter døyr, vonar eg det er ein logisk, plotrelatert grunn til det, og ikkje at det hender berre av di det var enklast. Vel, me får snart sjå...
Eg kom på ein annan ting m.o.t. nerderi: Den typiske nerden er gut (jfr. Trekkie-konferansen), men jenter har potensiale til å vera minst like nerdete - av den typen fanatiske Potterfans eg nemnte er flesteparten jenter, har eg inntrykk av, og eg trur det har lite å gjera med at dei er forelska i Harry;-)

09.jul.2007 @ 08:00

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5477309