TV Norge gjer meg opprørt

Dagen i dag har vore ganske bra. Eg fekk særs gode attendemeldingar på den tidlegare omtala analysen av "Studenten", me diskuterte Poe sin "The Tell-Tale Heart" i gruppeundervisinga på LIT1302 (jippi!), og eg var i stand til å svara på vanskelege spørsmål på førelesinga i Fransk grammatikk 2. Kanskje kan den akademiske karrieren min framleis reddast.

Men over til noko anna: Eg må få ut dette ut av systemet mitt. Og om det eg kjem til å skriva no kan verka intolerant eller fordømande er ikkje det meininga. Eg tykkjer sjølvsagt at folk må leva livet slik dei vil, og er dei lukkelege, er ingenting betre enn det. Det er berre so utruleg forstyrrande når problematiske ting vert framstilt på ein harmoniserande og/eller normaliserande måte.

Eg snakkar om ein dokumentar eg såg på TV Norge i går som handla om seksuallivet til feite folk. Og då snakkar me ikkje om normalt runde/lubne/tjukke personar, men om folk som leid av 200-kilos overvekt. Dei hadde intervjua fire-fem sjukeleg overvektige folk og partnarane deira. Dei fleste var saman med nokon som var (mykje) tynnare enn dei sjølve. Bortsett frå èi dame, som opplevde fedmen sin som eit hinder for å leva det livet ho ynskte seg, var alle særs fornøgde slik dei hadde det. Partnarane ikkje minst.

Bortsett frå å slå inn nokre opne dører (kommentatoren tok opp att fleire gonger at "overvektige har akkurat de samme fysiske behov som andre" - nei, seier du det, du?), var dokumentaren oppteken av korleis desse personane fornekta idealet om at ein må vera slank for å vera sexy, eit ideal som overser det faktumet at 20 % av verdas befolking er overvektige . Alt her er det noko som skurrar. Dei fleste som ikkje er sjukeleg fikserte på slanking og kropp, veit at tjukke personar kan vera pene. Mange likar at kjærasten deira har litt kjøt på beina. Men det er stor skilnad på å vega 10 og 200 kilo for mykje. Det fyrste er ganske normalt, det siste er sjukeleg, og ikkje representativt for 20 % av folket i verda.

Det var tydeleg at intervjuobjekta ikkje klarte seg sjølve. Èin sat i rullestol, èi kunne berre stå oppreist i nokre få minutt av gangen, èi hadde ikkje vore ute av huset på årevis. Fedmen deira hindra dei altso i å leva eit normalt liv. Men seksuallivet deira var i det minste intakt. Tre av fem hadde partnarar som var sokalla "Fat admirers". Dei tykte handicappet var sexy.

Og dèt tykkjer eg er nokso guffent. Tenk om ein tilsvarande dokumentar hadde vorte laga om nokon som var lam og som kunne verta frisk, men som motsette seg dette av di kjærasten likte at ho ikkje kunne røra seg?! Eg trur mange hadde vorte sjokkerte over eit slikt forhold. Her er det meir som om "dei feite bør vera glade for at nokon vil ha dei slik dei er".

Problemet mitt er ikkje estetisk, det er moralsk. Det handlar om råderetten over sitt eige liv. Eg tykkjer at det er djupt problematisk å glorifisera forhold der den eine parten er hjelpelaus og avhengig av den andre, som er frisk, rask og har full kontroll, og at denne dokumentaren gjekk litt for langt i å gjera nettopp dette.
  
Eg kan ikkje skjøna anna enn at den dokumentaren må fungera deprimerande på overvektige folk. I beste fall signaliserer han at "det gjer ingenting om du er sjukeleg feit og ikkje klarer deg sjølv, for det finst folk som tykkjer det er tiltrekkande, og det må då vera ei trøyst?". I verste fall set han alle overvektige i same bås ved å framstella desse folka som representative på eit eller anna vis. At ein kan vera "sexy utan å vera syltynn" er ikkje noko nytt. Men fedme på dette nivået handlar ikkje om kva som er attraktivt eller ikkje, det handlar om kva som er helseskadeleg. Dersom produsentane ville laga ein dokumentar om overvektige folk som var både attraktive og lukkelege, var dei nøydde til å ty til slike ekstreme tilstandar? Hjelpe meg.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5414942