Pensjonistmållaget neste?

Ok. Det er seint, og eg får ikkje sova sidan ein eller annan i huset spelar Wuthering Heights med Kate Bush om att og om att utan stopp (og eg som likte den songen! Takk skal du ha, ukjende galning), men eg er nøgd med meg sjølv. Eg har klaga på ein offentleg instans.

Ein ung mann eg kjenner
fann opp det fiktive "Pensjonistmållaget" for ei stund sidan. Dette er laget for alle som er over sytti mentalt, dvs som likar å klaga, kritisera og finna feil. Jamvel om eg eigentleg ikkje tykkjer eg har vore altfor kritisk - eg har faktisk sagt frå om eit gjenteke brot på rettane mine som nynorskbrukar - trur eg kanskje eg har vore syrleg og sarkastisk nok til at laget i det minste bør vurdera kandidaturet mitt. No opererer Pensjonistmållaget visstnok med endå strengare opptakskrav enn Forfattarforeininga, men dei kan jo lesa e-posten eg skreiv tidlegare i kveld, og døma sjølv:


Kjære Nordhordland likningskontor

Som e-postadressa mi tyder på, er eg oppteken av at nynorsken skal verta brukt, og at me som skriv språket skal verta respekterte. Diverre er de mellom dei som har eit forbetringspotensial i denne samanhengen.

For tredje eller fjerde år på rad har eg fått sjølvmeldinga mi på bokmål, trass i at eg faktisk har sagt frå meir enn ein gong at eg vil ha henne på nynorsk. Bokmål og nynorsk har den same offisielle statusen i Noreg, og retten eg (og alle andre som ynskjer det) har til å få offentlege skjema på nynorsk er heva over all tvil eller diskusjon, noko eg sjølvsagt reknar med at de er klare over.

Eg veit ikkje om det er teknisk svikt eller menneskeleg sløvskap som ligg bak dette, men det som verkeleg uroar meg, er at eg sikkert ikkje er den einaste som opplever dette. Av dei mange nynorskbrukarane som får sjølvmeldinga på bokmål, er det truleg dei færraste som skriv irriterte e-postar eller seier frå om det på anna vis. (Diverre!)

Dersom det er slik at de sender ut skjemaet på bokmål til alle i Nordhordland, burde de kanskje revurdert praksisen dykkar. Kva med å senda ut skjemaet på nynorsk, og sjå kor mange som tek seg bryet med å spørja etter det på bokmål? Dei fleste, både bokmål- og nynorskbrukarar, treng å lesa meir nynorsk for å verta støe i språket. Eg tykkjer at likningskontoret i eit nynorskdistrikt - som Nordhordland faktisk er - ikkje bør sabotera den innsatsen som stadig vert gjort for at unge strilar skal utvikla ein positiv identitet som nynorskbrukarar.

Kort sagt: Eg vil gjerne ha tilsendt ei ny sjølvmelding, på nynorsk denne gongen. I tillegg vonar eg at eg slepp å få ein "selvangivelse" i posten neste år.

Beste helsing
Synnøve Midtbø Myking

Kommentarer:
Postet av: Odin / Velmont

Dette er so rett! Eg hev fengje han i tri år på bokmål og òg, men endra til nynorsk kvar gong. I år fekk eg han atter på bokmål. Eg lurte på um eg skulle klaga (sidan eg plar gjera det) - men eg droppa det. Men eg fekk ny kveik no.

Men det er jo heilt tragisk at Nordhordaland sender bokmål med fyrsteprioritet. Grrrrrrrrrrrrrr. Og kvifor er du oppe kl 02:15 og skriv slikt Synnøve :-S

11.04.2007 @ 08:12
URL: http://velmont.net
Postet av: Jens

Nix. Du er ikkje godkjend som medlem. Kvifor? Av di eg fekk sjølvmeldinga på nynorsk i år, og dimed reknar skatteetaten som ein instans der det å klage ikkje gjev rett til medlemskap. Prøv VG og Dagbladet, til dømes ved å ta ei utgave av avisene og rett (med raud penn!) alt som ikkje er korrekt nynorsk, og send inn.

Postet av: Jarle

Eg fekk sjølvmeldingi på nynorsk, men då eg stadfeste henne yver tekstmelding fekk eg svaret: "Vi har mottatt selvangivelsen. Takk for at du benyttet denne tjenesten. Ditt referansenummer er ..."

€#&(/#%!

11.04.2007 @ 09:35
Postet av: Klaus

Skal seie! Merkeleg opplegg dette med at dei sender bokmøl by default. Eg trur Eirik også fikk sjølvmeldinga si på bokmål. Sjølv endra eg målform-greia på nettet, og fikk sjølvmelding i år, i motsetning til selvangivelsen eg fikk i fjor.

Klaus

11.04.2007 @ 20:53
URL: http://motorpedo.blogspot.com
Postet av: Vebjørn

Pøh. Sjølvmeldinga har me då sjølvsagt fått på nynorsk for lenge sidan. Jyplingar.

Nei, skal ein fyrst vera surmaga, nynorsk klage-e-postskribent(tm), so finst det Ein Sann Instans å venda seg til, og det er fylkeskommunen (riksaviser er for puddingar).

11.04.2007 @ 21:06
URL: http://totlevase.net/
Postet av: Simon

"Selvangivelse" er eit uhorveleg stygt ord. Mora mi flira til meg i fjor då eg spurte om eg hadde fått sjølvmeldinga. "Er du vorte nynorsk i dialekta òg no eller?" "Nei," svara eg, "det må eg verkeleg gjera ei angivelse om at dette selvet talar korkje bokmål eller nynorsk." "Høh?" "Du påstod nett at 'selv' og 'angivelse' er gode norske ord, sidan du flira av 'sjølv' og 'melding', så då lyt du jaggu nytta dei då!" Rett før påske i år ropte ho opp trappa: "Simon, sjølvmeldinga di er kome".

Eg har aldri hatt noko anna problem med å få sjølvmeldinga mi på nynorsk, og vart overraska over at Nordhordaland er såpass sløve. Røynsla mi seier at Rana er langt sløvare med nynorskrettane enn ganske mange andre stadar, så eg hadde difor rekna med at sidan sjølvmeldinga mi har vore på nynorsk, så var dette ein stad i samfunnet der nynorskrettane stod sterkt.

Same kva, eg digger å klaga. Eg klagar hist og her. Akkurat no held eg på å mana meg opp til å skriva lang klage til hovudkontoret til Microsoft om IE7, som ikkje kjem ut før mars 2008 på nynorsk, og etterpå tenkjer eg at eg skal skriva eit brev til Nokia. Finland er eit tospråksland, så viss det er nokon som forstår kvifor mobiltelefonen lyt ha nynorsk menyar, så er det dei!

Lykke til med klagen din!

12.04.2007 @ 22:43
URL: http://www.boba.no
Postet av: Synnøve

Takk for all støtte!

Eg har nettopp fått ein e-post frå Nordhordland likningskontor (det heiter ikkje Nordhordaland, helsing Pensjonistmållaget), der dei seier seg leie for feilen som er gjort, og skriv at dei no har retta han opp slik at eg kjem til å få sjølvmeldinga på nynorsk i framtida. Det er fint. Samstundes er det trasig å tenkja på at dette ikkje hadde hendt dersom eg ikkje hadde skrive den e-posten. Kva med alle nordhordlendingane som støtt får sjølvmeldinga på bokmål, og som ikkje klagar? Mange er usikre nok når det kjem til språkleg sjølvtillit frå før av. Uff.

Odin: Eg var oppe so seint av di eg ikkje fekk sova, slik det står. E-posten skreiv eg litt tidlegare på kvelden. Sidan tysdag har den ukjende galningen spela same songen i snitt ti gongar kvar kveld. Eg skjønar ingenting.

13.04.2007 @ 11:30

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/5365798