Melding
Eg har lagt ut lenkjer til bloggar som eg oppfattar som rimeleg aktive. Dersom eg har gløymt nokon, er det berre å seia frå.
Fobiar
I førre post oppmoda eg eventuelle lesarar om å koma med framlegg om kva eg skulle skriva om her på bloggen. Ola ville at eg skulle skriva om augo. Han presiserte ikkje nett kven sine auge det var snakk om, men eg trur kanskje han meinte auge sånn generelt.
Det er nemleg slik at eg tykkjer det meste som har med auge å gjera er veldig ekkelt. Når eg er hjå optikaren, klarar eg ikkje å sjå på plansjane på veggen som syner korleis auge er oppbygde. Dersom eg ser på ein film der det tilfeldigvis og utan åtvaring hender noko med augo til ein av personane, må eg slå av, eller i det minste sjå vekk til det er over. Og so bortetter.
Det eklaste er dersom det hender noko med båe augo. Eitt av dei er til å leva med, men båe... URGH. Eg klarar berre ikkje å tenkja på det. Det er SO EKKELT.
Somme andre ting lokkar fram om lag den same reaksjonen, som til dømes tanken på folk som får tunga skore av (uæh!) eller kjønnslemlesting av jenter (fyttihelvete!). Men av ein eller annan grunn er dette med auge det aller verste. Eg taklar det berre ikkje.
Eit døme: Kong Ødipus av Sofokles stod på pensum i eit emne eg tok på Blindern for nokre år sidan. Eg las aldri stykket, men eg kjende historia frå før, og førelesaren gjekk i detalj om det som hender på slutten. Det var so fælt at eg hugsar det enno.
Kven veit, kanskje eg berre lyt halda fram med å lesa gamle tragediar (Shakespeares Kong Lear har òg nokre augegreier, etter det eg hugsar) og freista å sjå fleire valdsfilmar, so vert eg herda til slutt. Men smalahovemiddag venner eg meg nok aldri til.
*Absurd innsidevits.
Interaktivitet er det nye chic
Dette er stoda: Folk seier eg bør oppdatera denne bloggen oftare. Det kan eg jo vera samd i, men ofte er det litt vanskeleg å vita kva eg skal skriva om. Dagleglivet mitt er jo ikkje so interessant, og eg har korkje tid til eller ambisjonar om å verta ein sokalla politisk bloggar.
So folkens. Dersom du vil eg skal skriva meir her, kva bør eg skriva om? Framlegg er velkomne, so lenge dei kan plasserast i ein av desse to kategoriane: 1. Ting eg likar. 2. Ting eg ikkje likar.
Det er nemleg eit minstekrav at eg interesserer meg for det eg skal skriva om, anten det no er på ein positiv eller ein negativ måte.
(Forresten, veit nokon om det finst ein kuttfunksjon her? Eg vil gjerne leggja ut lengre tekstar, men det ser guffent ut om dei tek opp all plassen på framsida.)
Leseliste
Eitt av måla mine for sumaren er at eg skal få lese i alle fall tre av dei bøkene eg eig og som eg aldri har fått byrja på (eller, i nokre tilfelle, kome meg gjennom). Spørsmålet vert då: Kva bok skal eg ta til med? Eg er neimen ikkje sikker, overlet til deg som les dette å seia meininga di.
Nett no er eg heime, og dei uleste bøkene mine er i Oslo, men eg kjem i alle fall på tre kandidatar slik i farten:
Snytt av Susan Faludi.
(Ein feminist skriv om problema dei endra kjønnsrollene fører med seg for ein del amerikanske menn.)
Vampyr! av ?
(Eg hugsar ikkje kven som skreiv denne, men det er ei sakprosabok om vampyrar, slik tittelen hintar om.)
Mitt milde vesen av Brit Bildøen.
(Denne romanen skal vera veldig god, jamvel om eg ikkje hugsar heilt kva han handlar om.)
No kjem eg ikkje til å få byrja på nokre av desse bøkene før eg er attende i Oslo, men det er jo bra å ha ein plan. Tida får visa om eg er i stand til både å halda liv i bloggen og koma meg gjennom bokhylla...
Nynorsk vs. dialekt
Eg skjønar godt at folk ikkje vil skriva bokmål, men kvifor ikkje ta steget heilt ut og skriva nynorsk i staden?
Absurd nok, mange stader er det heilt ok og normalt å skriva dialekt, sjølv på stader der nynorsk er uglesett. Jamvel der eg er frå, der det framleis er veldig vanleg å ha nynorsk som opplæringsmål, skriv folk ofte ei blanding av dialekt og bokmål.
Sjølvsagt finst det forklaringar på dette fenomenet: Den norske dialektkampen har ført fram, folk har ofte ein sterk lokal identitet, folk oppfattar nynorsk som noko som er fjernt frå dei sjølve og som dermed ikkje har noko med dialekten deira å gjera, osb. Spørsmålet er: Kva skal målrørsla meina om dette? Er det ein god eller dårleg ting? Er dialektskrivarane lettare å overtyda om at nynorsk er best? Eller er det ein verdi i seg sjølv at folk skriv dialekt?
Personleg meiner eg - og nett no er eg glad for at eg ikkje lenger er ein sentralt tillitsvald i målungdomen, sidan meiningane mine sikkert kan stemplast som elitistiske/politisk ukorrekte/preskriptive - at svaret på det siste spørsmålet er NEI.
Ikkje nok med at praksisen med å skriva dialekt er i konflikt med det nynorske prosjektet, som nettopp er å skapa eit nasjonalt standardspråk, men han undergrev òg det store praktiske føremålet til språket, det som alle nynorskmotstandarar elskar å dra fram som det einaste viktige: Kommunikasjonen.
Er det ein bra ting at folk snakkar dialekt? Absolutt; det at me i Noreg kan nytta talemålet vårt i alle samanhengar er ein særs god ting. Men skriftmål og talemål er ikkje det same; det er nærast umogleg å attgje talemålet skriftleg slik det høyrest ut (med mindre ein transkriberer fonetisk, då). Det funkar sikkert greitt nok for dei som skriv slik, men ikkje nødvendigvis for lesarane deira.
No er det sikkert nokon som tykkjer eg er snobbete og slem. Det får dei berre tykkja. Eg meiner det er bra at det norske språket er so variert, men eg meiner òg at nynorsken tek heilt fint vare på den variasjonen. So da so.
Eg òg vil
* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* ?Tagg? nokre folk og gje ære til vedkomande som ?tagga? deg.
Her er utdraget:
"Titus laughed harder and harder, until his sides ached. Gnaeus, trying to keep a scowl on his face, suddenly burst out laughing and lost his grip. Publius jerked free and rolled away."
Frå Roma - the novel of Ancient Rome av Steven Saylor. Utdraget handlar om tre gutungar som vert vener att etter ein slåstkamp. Ikkje smusslitteratur, med andre ord...
Elles går opphaldet mitt i Montréal mot slutten. Eg er veldig lei for at eg ikkje har skrive meir om det undervegs, men trøysta er at eg kan fortelja alt om det når eg kjem heim. :-)
Oppdatering: Nett i det eg har skrive dette, ser eg at Ola har tagga meg. Han har òg tagga Elisabeth alt, so no slepp i alle fall ikkje ho unna...!
Synnoeve, stjernestudenten fraa nord
For aa gjera det godt att, kan eg dela dagens "argh!"-augneblink med dykk, slik at de kan gjera narr av meg slik eg fortener.
Sist veke vart eg sjuk. Det tok til foerre maandag, med vondt i halsen, og det vart raskt verre. Tysdag gjorde eg saers lite anna enn aa sova, men onsdag var eg noeydd aa gaa paa universitetet for aa levera ei oppgaave og halda ein presentasjon. Torsdag skulka eg forelesingar til fordel for aa vera heime og sova. Etc.
Problemet var at eg hadde ei oppgaave som skulle innleverast i dag. Sidan Annelen var paa vitjing her veka foer eg vart sjuk, hadde eg ikkje gjort noko arbeid verd aa nemna. Og sidan eg sov vekk baade tysdagen og torsdagen (og mesteparten av fredagen), vart helga saers stressande.
Eirik og Mila (det er bror min og kjaerasten hans, for lesarar med manglande fam. Midtboe Myking-kunnskapar) kom paa torsdagen, og hamna altso midt i eit reir av basillar, snaatt og oppgaave-angst. Heldigvis for dei drog dei til New York i gaar (sundag).
I alle fall. Eg vart ferdig med oppgaava seint i natt, noko som gjorde at eg ikkje hadde tid til aa faa den franske medbuaren min til aa ta ein kikk paa spraakfoeringa, slik ho har gjort eit par gonger. Vidare forsov eg meg til foerelesinga i dag. Eg gav likevel blaffen i alt dette, sidan det var so fint aa vera ferdig.
Eg dukka opp i det foerelesinga er over, leverte oppgaava med eit vakkert smil...
Og so informerer professoren meg om at ho forlenga fristen ei veke sist gong! Hahaha! Snakk om aa vera merksam i timane...
So kva gjer ein i slike situasjonar? Dersom ein er meg, leverer ein oppgaava likevel, av di ein ikkje orkar tanken paa ei veke til med arbeid, saerleg naar det grip inn i paaskeferien, av di ein har andre oppgaaver aa skriva - og ikkje minst, av di ein berre veit at ein kjem til aa utsetja det til neste helg likevel... Men kanskje eg berre er uambisioes. Skulle ikkje forundra meg det minste.
Jolekviss!
Vonleg har ikkje den låge oppdateringsfrekvensen gjort at folk har slutta heilt med å vitja denne vevloggen. Eg vonar at i alle fall somme vil ta utfordringa.
(Av målpolitiske årsaker er alle bokmålsord omsett.)
JOLEKVISS ÅR II
1. Kven har forheksa Narnia slik at det alltid er vinter der, men aldri jol?
a) Heksa Kvit
b) Voldemort
c) Shai'tan
2. Kva er "jol" på fransk?
a) Navide
b) Noël
c) Messe du Christ
3. Kva heiter dei tre brørne som feirar jol ilag på Neshov for fyrste gong på årevis?
a) Torgeir, Jens og Erlend
b) Erlend, Tor og Margido
c) Tor, Mogens og Krumme
4. Kvar i Bibelen finn ein joleevangeliet?
a) Hjå Lukas
b) Hjå Matteus
c) Hjå Markus
5. Kva heiter "skurken" i barne-TV-klassikaren Pernille og stjerna?
a) Mr. Black
b) Mr. Nelson
c) Dr. D. Vider
6. Kven var den fyrste til å gjera songen Santa Baby kjend?
a) Ella Fitzgerald
b) Madonna
c) Eartha Kitt
7. Kven har skrive A Christmas Carol?
a) Wilkie Collins
b) Jane Austen
c) Charles Dickens
8. Kva for ein diktar står bak teksten til Det lyser i stille grender?
a) Anders Hovden
b) Olaug Nilssen
c) Jakob Sande
9. Kva for ei av desse Sherlock Holmes-forteljingane går føre seg i jola?
a) The Hound of the Baskervilles
b) The Blue Carbuncle
c) A Scandal in Bohemia
10. Kva har Karl-Bertil Jonsson gjort, sidan far hans er sint på han?
a) Han har røykt hasj
b) Han har gjeve vekk rike folk sine jolegåver
c) Han har skifta hovudmål til nynorsk
Lukke til!
Il neige, il neige...
Eg kom over ei av dei gamle gjerelistene mine, og tenkte eg skulle posta henne her, for å bidra litt til intimitetstyranniet. Det er ganske artig å tenkja på at eg pla ha eit slikt tett program; dagane her er ganske annleis, rimeleg nok.
(Legg merke til at det står OK på so godt som alle punkta. Heh.)
Gjereliste veke 10
Måndag
- Tog til Oslo kl 08.00 OK
- Årsmøte i KMU og MiO kl 15.30 OK
- Skriva lesarinnlegg til KK OK
- Skriva ferdig utkast til leiartalen
- Skriva tillegg til årsmeldinga OK
- Spyrja Unn om:
- - Å skriva til Mål og Makt OK
- - SmiO og Mål og Makt-debatt OK
- - Årsmelding OK
- - Utsendingar til landsmøtet OK
- Spyrja Olaug Nilssen om å skriva om Morgenbladet for Mål og Makt OK
- Vaska klede OK
Tysdag
- Undervising 8.15 til 12.00 OK
- Laga eit fint oversyn over kurs eg vil ta i Montréal OK
- Gå innom studieseksjonen og smiska OK
- Henta lettre de recommandation utanfor kontoret til Marianne Hobæk Haff OK
- Setja inn pengar på konto i Nordea OK
- Møte i sumarleirnemnda Fredrikke kl 16.30 OK
- Laga reiserekningar for målferd OK
- Sentralstyremøte skrivarstova kl 18.30 OK
Onsdag
- Undervising 12.00-14.00 OK
- Få alle vedlegga til søknaden på plass, inkl. kopi av pass OK
- Levera søknaden OK
- Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
- Middag med tante Marit på Eno 17.00 OK
- Ringert på skrivarstova 18.30 OK
- House M.D. 21.45 OK
Torsdag
- Flow 08.00
- Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
- The Departed om kvelden? OK
Fredag
- Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
- Lesa på stoff i FRA 1101
- Førebu skipingsmøte DNP OK
Laurdag
- Vitja skipingsmøtet til DNP (?) OK
- Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
Sundag
- Skriva oppgåve i LIT 1302 OK
Ikkje tilfeldig at fransk rimer på vansk(eleg)...
No har eg vore i Montréal i to og ei halv veke. Før eg reiste, hadde eg lova å posta bilete, men eg har ikkje kamera. Det einaste eg har, er den telefonen som eg måtte kjøpa då eg kom, av di den eg hadde ikkje funka her borte, og eg har enno ikkje kome so langt som til å finna ut korleis eg kan leggja bilete derifrå ut på nettet. Hovudsakleg på grunn av latskap.
Nuhvel. Kva skal ein seia so langt?
Montréal er ein fin by. Og det seier eg utan å ha vore i gamlebyen, som er eitt av dei viktigaste turistmåla. Eg tek nokre få område om gangen, og det funkar so langt. Bydelen eg bur i, Outremont, gjev meg nok grunnlag til å koma med påstanden om byen generelt: Lange, låge husrekkjer med snirklete trapper på utsida, små grøne lunger overalt, beine gater av typen du har sett på amerikanske filmar. Og i parken rett utanfor huset mitt ligg eit symjebasseng. Slå den.
Livet på universitetet minner mykje om livet på Blindern, noko som sjølvsagt er fint. Ein stor skilnad: Alle førelesingane mine varer i tre timar. So har ein vel minst to pausar? Hå nei, du. Ein lyt pent sitja og høyra på professoren i halvannan time i strekk før ein får 10-15 minutt til å gå på do og kjøpa kaffi. Eg fattar ikkje korleis dei 45 minutt lange øktene på UiO nokon gong kan ha gjort meg trøytt...
Eg vil ikkje at dei innfødde skal snakka til meg på engelsk, noko fleire av dei er raske til å gjera om dei trur at du ikkje forstår, so eg latar som eg skjønar litt meir enn eg gjer.
Meg som skal spørja om noko: Comment est-ce que on fait... pour... øh...
Butikkperson/kontorperson/professor/etc: Argikjeorgrdohyrthoij, rophtjeårh, toijåsåojsjg.
Meg: Eh.. bon... oui? Oui. Øh. Merci.
Eller noko slikt.
Misforstå meg rett: Eg likar språket, og eg tykkjer eg byrjar å få nokso godt grep på det etterkvart, ikkje berre skriftleg. Men å studera ting saman med franskspråklege studentar her, er noko heilt anna enn å ta grammatikk 1 heime, ja... Om det var nokon tvil.
So får me sjå om det kjem nokre fine bilete snart.
Harry! Luna! God film!
No har eg endeleg fått sett den femte Harry Potter-filmen, og eg føler stor og ekte ærefrykt for regissøren. Tenk at han klarte å laga ein Potterfilm som eg ikkje berre godtok, men faktisk likte. Det har ikkje hendt før.
Jepp, eg er av den typen som er særs kravstor når bøker eg likar vert filma. Filmatiseringane av HP har vore blanda drops so langt. Dei fyrste to var OK, men gjorde lite inntrykk. Den tredje skuffa meg heilt enormt. Fallhøgda var rett nok stor, av di Harry Potter and the Prisoner of Azkaban alltid har vore favorittboka mi i serien (og er det framleis), og av di filmen fekk mykje skryt for å vera "den myrkaste HP-filmen so langt" osb. Men sovidt eg hugsar var 3-aren både rotete og usamanhengjande, og lite oppklarande. For folk som ikkje har lese boka må han ha vore ei forvirrande affære. ("Kvar kom det kartet frå?" "Kven er den rottemannen?" "Kvifor kosar læraren til Harry med den rømte galningen?")
Nei, då var det noko anna med denne filmen. Stilig klipping, skummel stemning, og faktisk ei samanhengjande fortald historie. Alt som vart introdusert hadde ei plass i forteljinga, alle trådar vart samla. Særs bra.
Dolores Umbridge var perfekt i all den rosa vondskapen sin. Tonks var gjennomført søt, tøff og sjarmerande. Helena Bonham-Carter gjorde sjølvsagt ein strålande innsats som den klin sprø og vondskapsfulle Bellatrix Lestrange. Hermione hadde overlete dei rosa kleda sine til Umbridge, og framstod i staden meir som ho gjer i bøkene: Ei handlekraftig og sjefete, superintelligent frøken som har viktigare ting å tenkja på enn korleis ho ser ut.
Ja, og so Luna Lovegood. Ho var strålande. Eg er viss på at dei som laga filmen er samde med meg i at ho ville vore ein super kjærast for Harry, om han hadde hatt vit til å innsjå det. På eitt tidspunkt stod dei til og med og heldt hender. Det var so søtt at eg nesten fekk tårer i auga.
Sjølvsagt var ikkje filmen perfekt. Det var for lite Remus Lupin, for lite Severus Snape og berre akkurat sovidt nok Sirius Black. Sistnemnde var litt for sprø etter mi meining. Greitt nok at han saknar bestevenen sin og at han er litt ubalansert, men at han tok Harry for å vera far sin? Ærleg tala. Og kvifor gjekk han i noko som såg ut som ein slåbrok på togstasjonen?
Men eg likte at Cho Chang var den som enda opp med å sladra på den hemmelege kamptreninga til Harry og dei. (I boka er det den sleipe veninna hennar som gjer det.) Litt romantisk drama skadar aldri. Hehe.
Me såg ikkje mykje til Draco Malfoy i denne filmen. I motsetnad til ein del andre, var eg glad til (jamvel om skodespelaren verkeleg er vorten ganske heit). Malfoy er ein blautfisk og ein dust. Eg kjem forresten ikkje over kor mykje far hans liknar på skogalven Haldir i filmatiseringa av "The Fellowship of the Ring".
Nye-Dumbledore irriterte meg ikkje slik han gjorde i den førre filmen. Heldigvis, sidan eg er vorten litt av ein Dumbledore-fan etter bok 7. Før det var eg nokso likesæl til han, men no er han interessant. Gjett om det vert tøft i neste film, når han og Harry skal ut for å grava i Voldemort si fortid!
Konklusjon: Dersom dei same folka skal filmatisera "Harry Potter and the Half-Blood Prince", gler eg meg slik eg aldri har gledd meg til ein Potterfilm før. Oioioi.
Kviser og klesvask
Av ting eg ikkje likar å gjera, rangerer klesvask høgt, om enn etter oppvask. Det at at Maria i kveld såg ei rotte - to gonger! - i hjørnet attmed inngangen til vaskeriet, hjelper ikkje akkurat. Blærk. Ein ting eg derimot har funne ut at eg likar, er å trena ofte, helst fleire gonger i veka. (Høyrest meir imponerande ut enn det er, i grunnen.) På same måten som med jordbæra og kvisene, vert ein nøydd til å ta det kjipe med det gode, av di trening = klesvask. Akkurat som trøytt og sløv hjerne = kvasifilosofi.
Om nøyaktig ein månad reiser eg til Canada.
Ja, no er det over, gitt...
Nynorsk er best!
Bokmål gjev byllepest!
Skriv du ikkje "ikkje"
ender du som mat for bikkje!
Ålvorleg tala: Det har vore særs spennande og lærerikt å vera leiar i NMU. Det er verkeleg ein fin organisasjon, som eg er veldig glad i. Men no er det på tide med nye utfordringar, både for meg og for dei som har teke over målungdomen.
Eg skal:
- reisa til det bokstavleg tala store utlandet og læra meg flytande canadisk-fransk.
- deretter skaffa meg ein universitetsgrad eller to.
NMU skal:
- gje bank til skurkane som hindrar nynorskelevane i å få bøkene sine.
- deretter snu målstoda i Noreg.
Det er fint å høyra på planane Jens og resten av sentralstyret har for hausten. So lenge NMU har ivrige og flinke folk som kan ta i eit tak, ser det slett ikkje myrkt ut for nynorsken.
To veker att til det største nerdehysteriet nokon gong bryt laus!
Nasjonal sjølvråderett
Greia er nemleg denne: Nasjonal sjølvråderett er eit komplisert prinsipp. Det er særs uklårt kva som ligg i både "nasjonal" og "sjølvråderett", og ein kombinasjon av desse to vage omgrepa må nødvendigvis leia til ein del forvirring. Misforstå meg ikkje: Eg stør NMU si tradisjonelle forståing, som skil mellom stat og nasjon, som stør folk sin rett til å rå seg sjølve, og som ser nasjonal sjølråderett som eit spørsmål om demokrati. Men samstundes kan ikkje prinsippet om den nasjonale sjølvråderetten gjerast til ein universell maksime, nettopp av di det er so tvitydig.
I jakta på inspirasjonskjelder, kom eg over denne artikkelen frå Motmæle 1-97. Fy flate, so god han var. (Eg visste at Eli B er ei intelligent dame, men dette? Wow.) Jamvel om det er gått ti år, herskar mange av dei same haldningane hjå dei intellektuelle. Det er synd at so mange smarte folk kan meina so mykje kjipt.
At ein ikkje skal kunna ta stiling for noko og mot noko anna, til dømes, har alltid provosert meg. I ytste konsekvens vert dimed alt engasjement mistenkjeleggjort som potensiell vilje til undertrykkjing. Eit godt døme er reaksjonane Ane Dahl Torp fekk då ho ytra seg positivt om innsatsviljen til AKP-arane. Merk: Innsatsviljen deira, ikkje dei politiske meiningane! Av di dama var imponert over kor mykje folk ville gjera for å skapa det dei meinte var ei betre verd, vart ho kalla "hjernedød" og det som verre var. På same måten er mange norske politikarar redde for å vera for eller mot EU, av di dei trur dei framstår som meir reflekterte dersom dei ikkje har eit standpunkt. So feil kan ein ta.
